Hanne Vasshus (Ap) vil bringe musikk til politikk
Ho er vant til å uttrykke seg gjennom song, men er ikkje redd for å seie kva ho meiner. Hanne Vasshus stiller for første gong til val for Arbeidarpartiet.
Øyposten vitja Vasshus i hytta ho bur i på Sjernarøy. Heimelaga pizza ligg i steikeomnen og på kjøkkenbordet ligg kantarellar til tørk. Vesle Astrid på seks månader pludrar nøgd der ho ligg på golvet og strekk seg etter ei leke.
– Eg trudde ikkje eg skulle ønskje meg barn, men plutseleg begynte klokka å tikke. Eg er heldig som fekk oppleve å bli mor, og tenk at eg fekk bli mor til akkurat henne. Det er perfekt.
Når Vasshus ikkje er i foreldrepermisjon, er ho lærar på Sjernarøy Oppvekstsenter. Ho trivst godt i den rolla. Før ho blei lærar, var det musikken som opptok tida hennar. No vil ho bytte ut songen med politikken.
– Det var Inger Havn som verva meg. Men eg har alltid hatt ein politikar inni meg. Tida har berre ikkje strekt til. Då eg studerte hinduisme, lærte eg at det er ei tid for alt. Det er det hinduistane byggjer livet sitt på, og eg trur det er mykje sant i det. No er tida inne for meg å vere mor, lærar og politisk aktiv.
Variert fortid
Ho fortel at ho har arbeidd mykje i livet sitt. Begynte som 14-åring å arbeidde på restaurant, og ho har vore flyvertinne og arbeidd som billettør på Stavanger Konserthus. Det er ikkje lett å klare seg økonomisk som musikar, så det har vore godt å ha ein jobb utanom.
– Eg trur også at eg blir ein betre politikar når eg har erfart korleis det er å vere eit vanleg menneske med ein vanleg jobb i eit vanleg liv. Det viktigaste for eit menneske må vere å ha ein jobb å gå til, så lenge jobben er noko ein trivst med og meistrar, meiner ho. Ho elskar å stå på scena og synge.
– Det er noko meditativt over det. Den første gangen eg stod på scenen var i Stokka barnehage då eg var med på ei førestilling om Gullhår. Sidan har eg stått på mange scener.
Syngande familie
Ho vaks opp i ein syngande familie, men det er berre ho som har satsa på musikken.
– Det er viktig å synge, seier Vasshus, og legg til at ho synest det skal vere meir song i skulen også.
– Syng med den stemma du har. Det er noko med samspelet når ein syng i lag. Ein veks og utviklar seg frå innsida når ein deler slike opplevingar.
Dette er noko ho brenn for. At barn og unge skal få ei god variasjon av ting dei har sett og høyrt og vore med på, i ryggsekkane sine.
– Det er slik dei lærer kva veg dei vil gå. Viss ein aldri har høyrt klassisk musikk, vil ein ikkje vite om ein kanskje likar det. Det same gjeld sløyd eller kunst eller eigentleg alt som finst. Det er viktig å halde fast på dei kreative faga i skulen. Det er ikkje alle som finn sin veg i desse faga, men slik er det også med lesing og matematikk også. Alt er like viktig å delta i, sjølv om ein kanskje ikkje har talentet sitt der.
Politisk engasjement
Om det politiske engasjementet seier ho at det er viktig at folk som bur i øyane også deltek i diskusjonane inne i byen. Viss berre dei som bur i byen får bli med på dei store diskusjonane, er det ingen som får høyre korleis det er å bu på landet. For det er annleis. Det veit ho, som er oppvaksen på Tjensvoll og som ikkje flytta ut på landet før ho var godt vaksen.
– Det er nok ikkje alle som tenkjer på det. At ting er annleis her ute. Mange ting er betre. Tida går saktare. Akslane blir lågare. Men me har mange utfordringar som dei ikkje kjenner til i Stavanger. Difor er det viktig å ha nokon herfrå også med i dei politiske prosessane.
Dette med at ho ikkje har politisk erfaring, er ikkje eit problem, tenkjer ho.
– Eg har levd mykje, seier ho. Det gir eit godt grunnlag for å sjå ting på fleire måtar, og det kan vere ein stor fordel når eg skal ta avgjerder på vegner av andre.
Livet på landet
Vasshus lever eit godt liv på landet no, men ho ser viktigheita av å ha eit nettverk og møtestader i bygdene.
– Det kan fort oppstå einsemd viss ein er einsleg og ikkje finn nokon stad å finne fellesskap. Det er ein ting eg vil kjempe for viss eg blir valt inn i kommunestyret. Støtte til organisasjonar som skaper slike møtestadar, til dømes. Og gode løysingar til dei som vil starte opp næring. Eg trur det ligg potensial i området som ikkje er utnytta enno. Då er det viktig at politikarane støtter opp om prosjekta.
Ho nemner sauna på Aubø som eit eksempel. Eller bubilparkering på øyane. Moglegheitene er mange, men ein treng kan hende litt hjelp for å skape noko nytt som ikkje har vore på staden før.
– Det er lett å tenke at ting er gode nok som dei er, for slik har det alltid vore. Denne tanken kan fort øydelegge for gode idear, seier ho.