Delte meiningar om landøyde

Etter laber respons i fjor har det i år ikkje vore nokon samla landøydeaksjon i øyane.

Landøyde i hekk utanfor innbyggartorget på Rennesøy.
Publisert: Publisert:

– I fjor hadde me liten respons, seier landbrukssjef Geir Helge Rygg i Stavanger kommune:

– Då hadde me ein kampanje der folk kunne sette sekkar med landøyde i vegkanten, og så tok renovasjonen dei med seg. Men det var lite som kom inn.

I år har ikkje kommunen hatt nokon samla aksjon for å halde i sjakk den i beitemark så forhatte planta.

Landbrukssjefen har sett andre stader at landøyde kan bli eit stort problem.

– Den spreier seg veldig fleire stader. Me bør kanskje prøve å få til ein ny kampanje neste år, der me går tidleg ut og får til eit samarbeid med bondelaget, seier Rygg.

Landøyde er ei plante som har vore her i landet i mange generasjonar. Ein grunn til at den spreier seg nå, er at det har blitt færre bønder og dermed færre med blikk for å fjerne ugras.

Naturforvaltar Vegard Ankarstrand i Stavanger kommune har eit avslappa forhold til den gule korgplanta.

– Mange insekt er glade i den, og for naturmangfaldet er den ikkje noko problem, seier Ankarstrand.

– På feil plass, det vil sei der det skal vere fôr for husdyr, ser eg at den kan vere eit stort problem, legg han til.

Publisert: