Det er fleire som nyttar seg av tilbodet og får gratis ved. Men jobben med å rydda trea vekk og kappa dei opp må dei gjera sjølve.

Ein av dei som er på sjauing i Teigen er Sergey frå Ukraina. I regi av frivilligsentralen er han med Arild Flesjå og rydder ein gong i veka.

– Dette er ein skikkeleg vinn-vinn situasjon. Sergey har vore med i vel to månadar og er ein solid arbeidskar. Trea i Teigen er gamle og har ligge i årevis difor er det godt å få dei vekk no. Det som er så bra er at veden kan brennast med ein gong, den treng ikkje ytterelage tørking. På ein eller annan måte har trea blitt liggande slik at dei ikkje har rotna, men er tørre og fine. Ved av grantre har kanskje ikkje den alle beste brenneeverdien, men er plenty god nok, seier Flesjå, som oppmodar oss alle til å gjera vårt beste for ukarianarane, og prøva integrera dei så fort som råd.

I fylgje Flesjå er det mange tre igjen så det er berre å bretta opp armane for dei som vil.