Pia Soma Nårstad (f.v.) og Karoline Vestersjø trivst på Ombo, men dei kan nemne i fleng ting som kunne gjort livet på Ombo betre. Foto: Silje Talgø Klakegg

– Buss til Rennesøy! kom det unisont frå ein gjeng ungdomsskuleelevar som journalisten prata med tysdag ettermiddag.

I tillegg skulle dei ønskje at det gjekk meir buss rundt på dei mindre øyane.

– Det er kjedeleg å alltid mase på foreldra våre om å køyre oss rundt, seier både Pia Soma Nårstad og Karoline Vestersjø som bur på Ombo:

– Men når me blir 16 kan me køyre traktor.

Det minner dei på at dei også ønskjer seg trafikkskule på Finnøy.

– Det tar så mykje tid å reise til byen når me kan begynne med køyretimar. Og ein kjem seg ingen stader utan bil.

Dei har eit poeng. Om nokon skulle få seg vener på Rennesøy, er det bil eller to timars reise om Fiskepiren som er alternativet.

– Me ønskjer oss også gratis ungdomsbillett, sånn som dei har fått i resten av Ryfylke, seier ombojentene:

– Me bur like langt vekke frå byen som dei på Tau, så det er dumt at ikkje me også kan få det.

Maram Abdulaziz frå Halsnøy ønskjer seg fleire butikkar.

– Det hadde vore kjekt med Normal. Eller McDonalds. Eller ein klesbutikk, seier ho.

Det er kanskje ikkje så spennande for ungdommen å handle på matbutikken eller Byggmixen.

Utferdstronga er tydeleg stor hjå ungdommen i Finnøy kommunedel.

– Me vil jo bu her, men me skulle ønskje me ikkje var så avhengige av at foreldre må køyre oss rundt, seier dei:

– Og på andre sida er me avhengige av å bli henta av andre sine foreldre viss me ikkje skal til nokon som bur i nærleiken av kaia. Det blir ofte til at me heng på kaia eller heime hjå nokon som bur på Judaberg. Innbyggartorget stenger tidleg, og det gjer ofte biblioteket også.

Etter samtalen skal ungdommane vidare til ungdomsklubben. Nokre av dei fordi dei kom for seint til skulebåten fordi dei prata med Øyposten, og det er nokre timar til neste båt.