Nå kan du oppleva kunstig virkelighet i biblioteket i Vikevåg

Biblioteket i Rennesøy har auka aktiviteten og held langåpent tre dagar i veka. Nå kan du også få låna VR-briller, gratis.

Lars Tore Klepsvik i Rennesøy bibliotek har teke på seg dei nye og ganske dyre VR-brilllene. Dei er det mulig å låna, heilt gratis.
  • Oddbjørg Måland
Publisert:

RENNESØY: På biblioteket kan du nå gjera dei sprøaste tinga, med nye VR-briller.

Dei nye VR-brillene er gratis til bruk i den betente åpningstida.

VR står for virtual reality, eller virtuell virkelighet på norsk, som gjer det mogleg å oppleva spel og film tredimensjonalt. VR-briller, dekker heile synsfeltet og har innebygde bevegelsessensorar som reagerer umiddelbart på bevegelsar. På denne måten følast det ut som du er midt inni der spelet føregår.

– Er det kamp om brillene?

– Ikkje førebels. Tilbodet er heilt nytt så det er ikkje så mange som kjenner til det ennå. Eg reknar med det blir populært når tilbodet blir meir kjent. Det er nok flest unge som er interssert i VR-brillene, seier bilbliotekar Rebecca Egeland ved Rennesøy bibliotek.

For å få låna brillene må du vera over 10 år år og ha lånekort. Yngre får sjølvsagt også lov til å låna, men då må dei ha med seg foreldre eller annan ansvarleg person.

Mange aktivitetar

Tidlegare denne månaden starta biblioteket opp brettspelkveld ein gong i månaden. Neste gong er 27.oktober, så blir det 10. november og 8. desember.
Dette er i hovudsak sikta inn på reffe ungdom og vaksne som er interessert i brettspel.

I tillegg tilbyr biblioteket språkkafé, bokprat, datahjelp, barnas laurdag og filmframsyning. Biblioteket samarbeidar med innbyggartorget, Frivilligsentralen og andre lag og foreiningar på Rennesøy.

Betente tider:

Måndag: 1000 - 2000

Tysdag: 1000 - 1400

Onsdag: 1000 - 1800

Torsdag: 1000 - 1800

Fredag: Kun sjølvbetent

Laurdag: 1000-1400

Sundag: Kun sjølvbetent

Ubetente tider:

Måndag: 0600 - 2200

Tysdag: 0600- 2200

Onsdag: 0600 - 2200

Torsdag: 0600 - 2200

Fredag: 0600 - 2200

Lørdag: 0600 - 2200

Sundag: 0600 - 2200