Hit, men ikkje lenger. No sel dei garden og alt som ikkje kan bli med til Storhaug. Kanskje du kan finne noko du treng på loppemarknaden? Foto: Silje Talgø Klakegg

– Treng du klede, verktøy, kjøkkenutstyr eller bil? Leiker? Me har det, seier Gordon Graadahl då Øyposten besøker henne heime i Steinnesvåg fredag formiddag.

Loppemarknaden held open frå 12 til 17 på laurdag og søndag, 16. og 17. desember. Alt må bort før huset skal leggjast ut for sal.

– Sjølvsagt er det ei litt tøff avgjersle å ta, men likevel ikkje, seier paret.

Dei fortel at alle opplever økonomisk trongare tider no, og at dette handlar mest om at det vil vere lettare for dei å vere i noko fast arbeid i Stavanger når dei ikkje treng å pendle så langt.

– Spiren scene kjem me framleis til å arbeide med, fortel Montgomery-Andersen.

– Spiren scene er oss, ikkje staden me bur på.

Framleis kultur

Gordon Graadahl legg til at det framleis blir fokus på arbeid med å fremje kunst og kultur i Ryfylke.

– Eg er framleis frå Fogn, sjølv om eg no kjem til å bu i byen. Me får nytte dei lokala og områda me klarer å finne, om det blir skulane i Ryfylke, Kulturstova eller andre kulturbygg, Fleirbrukshallen på Finnøy, biblioteka, innbyggjartorga eller naturen som blir heim for framtidige aktivitetar, veit me sjølvsagt ikkje enno, men tida vil vise.

Ho trur det blir vanskelegare å drive som frilansar innan kultur med det nye bystyret.

– Både Raudt og Senterpartiet arbeida for saka vår, men me er redde for at det med blått bystyre vil blir meir fokus på marknadstenkinga i kulturområdet.

Likevel er Spiren scene blitt tildelt 100.000 kroner i årets budsjett.

– Me bad om 500.000, men er glade for i det heile tatt å få pengar. Det er inga sjølvfølgje at pengar går til kultur, seier ho. Budsjettet skal vedtakast i bystyret i desember, og ho håper at det ikkje blir store forandringar i dei midlane dei er blitt tildelt.

– Kultur er ikkje mindre viktig i distrikta enn det er i byen. Men det er vesentleg lettare å arbeide med i byen.

Nytt bystyre

Ho legg til Meieriet kulturhuset som eit døme på korleis kultur stadig blir nedprioritert i distrikta.

– At dei likevel ikkje får pengar til rehabiliteringa som trengst, er eit kraftig signal om at kultur ikkje er viktig for det nye bystyret.

På laurdag vil det vere tilbod om både loppemarknad og aktivitetar for barn. Det kjem til å vere kafé.

– Alt me tenar på kafé og aktivitetar, går til drift av Spiren scene, fortel dei.

Om du ikkje treng noko spesielt, vonar dei at folk likevel vil ta turen innom.

– Me vil at dette skal vere ein fin julesamlingsstad. Her kan barna sende brev til julenissen, og me set opp eit ønskjetre der me oppfordrar folk til å oppgi ønska dei har for det nye året.

Her finn du loppemarknaden: