Torsdag 15. februar blei det opna konkurs i buet til byggfirmaet Mabda Service Bygg AS, som hadde base på Finnøy. Firmaet dreiv med renovasjon av bustader og hadde bare halde på i drygt eitt år.

Rett før påske kom bustyrar sin innberetning til Sør-Rogaland tingrett. Førebels har kreditorar meldt inn 18 krav i buet på til saman 253.195 kroner, går det fram.

– Det ser førebels ikkje ut til at det kan bli dividende til kreditorane, skriv bustyrar.

Dividende vil her sei dekking av krav.

Selskapet hadde verktøy som er seld for 25.000 kroner og ein bil som er seld for 33.000 kroner.

Selskapet hadde elleve tilsette, men arbeidsforholda var avslutta før konkursopninga, står det vidare i innberetninga. Fire tidlegare tilsette har meldt inn krav på løn og feriepengar.

Bustyrar har ikkje funne straffbare forhold eller andre ting som gir grunnlag for forslag om konkurskarantene. Om årsak til konkursen skriv bustyrar dette:

– Den direkte årsaken er oppbodsbegjæring frå selskapets styre. Det står fram som at ein kombinasjon av uheldige omstende, med blant anna lengre sjukefråvær for styreleiar/dagleg leiar/innehavar, og dessutan nokre reklamasjonssaker og sviktande marknad, har vore hovudårsak til konkursen.