Andreas Kjølleberg er leiar av styret i Meieriet kulturhus. Her er han avbilde i høve ei anna sak. Foto: Silje Talgø Klakegg

– Meld deg til kanonviktig styreverv i dag! skriv styret i Meieriet kulturhus på facebooksida si.

Kulturhuset er ein viktig stad og ein viktig kulturformidlar for Rennesøy kommunedel. Dei har gjennom dei siste åra hatt mange arrangement for Rennesøybuen, som konsertar, standup og quizpub. I tillegg sette revylaget Amatøren opp bygderevy hausten 2023, der Meieriet Andelslag sitt bidrag var med sal i bar og revyfest.

Viktig kulturhus

Dette er arrangement som er samlande for bygda, og styret ønskjer fleire hjernar og hender som kan bli med å klekke ut idear, og ikkje minst å få dei utført.

– Det som er så fint med å vere i eit styre er at ein har ulike kvalitetar og kompetanse, så me treng alle slags menneske. Ein arbeider ikkje åleine, meiner det sitjande styret:

– Har du ikkje tenkt tanken før no, kan du likevel nominere deg sjølv. Eller har du ein ven som du tenkjer kunne vore perfekt til samfunnsoppdraget, nominer gjerne han eller henne. Dette gjer du ved å sende ein e-post til hei@kulturmeieriet.no.

Meieriet kulturhus leiast med jamne mellomrom ut til bryllaup, konsertar, møte og fest.

Styret legg til at ein ikkje trenger erfaring frå tidlegare styreverv eller som arrangørar. Lokalt engasjement for kulturelle innslag i kommunedelen er viktigare.

– Me oppfordrar alle aldrar til å søke styreverv! seier dei.

For barna

Allereie førstkomande torsdag vil det også vere eit kjekt arrangement for barn der. Då kjem Peder Opstad frå Teater Grimsborken for å framføre «Eventyret om pannekaka» klokka 17.

– Billettane er billige, lokkar styret i Meieriet kulturhus, som vonar at mange vil ta turen for å sjå denne einmannsførestillinga på rampete rim:

– Det er jo mogleg for dei som vil ta turen frå Finnøy også å kome. Me lovar, det blir kjekt!