Humørfyllt møte med biskopen i Lauvsnes gartneri

Biskop Anne Lise Ådnøy og gartnar Jan Terje Vignes fann tonen då ho fekk omvising i gartneriet på Lauvsnes.

Bikskop Anne Lise Ådnøy blir teken hjarteleg imot av tomatgartnar Jan Terje Vignes.
Publisert: Publisert:

FINNØY: -Du treng vel eit stor datarom for å styra gartneriet, undra biskopen.

-Nei, det meste kan eg styra frå mobiltelefonen, svara Jan Terje Vignes.

-Det er der eg har bilbeltekstane og salmane mine, kom det kjapt frå biskopen.

Både biskopen og gartnaren på Lauvsnes fann tonen under besøket i gartneriet, kor Jan Terje Vignes orienterte om gartneridrifta på Finnøy og i gartneriet sitt.

Nå er det like før siste tomata blir plukka på Lauvsnes denne sesongen, på grunn av dei høge straumprisane.

-Men eg har ikkje mista trua, for å seia det slik, forsikra Vignes.

-Me ber i kyrkjene for lågare straumprisar, forsikra biskopen med eit smil.

Etter å ha fått fortalt om dyrkingsteknikk og hårfin balansegang for å få mest mulig ut av tomathausten, lurte biskopen på om det ikkje burde vera eit eige tomatfag på NTNU i Trondheim.

På oppfordring blei besøket avslutta med at «Tomatsangen» blei spelt på storskjerm for biskop Anne Lise Ådnøy. Dei fengande rytmane og den artige teksten fekk det til å rykka aldri så lite i dansefoten i biskopen sitt følge.

Jan Terje Vignes og biskop Anne Lise Ådnøy fann tonen under besøket i gartneriet på Lauvsnes, kor biskopen fekk smaka på tomatene frå gartneriet.