RENNESØY:-Det måtte folk frå Finnøy til for å få pizza’en i gang, seier Ingrid Ullenes til Øyposten.

Ullenes bur på Sørbø og har vore innom for å henta ein Pizza Margarita til søndagskosen.

-Det er veldig bra at nokon har starta opp igjen pizza’en her i Vikevåg, legg ho til.

Likar Finnøy Pizza’en

Bård Lea og sonen Magnus er innom Amo’s pizza i Vikevåg for å henta ein Finnøy Pizza frå eigaren av pizza’en, Alexandra Ciuciu. Foto: Rune Nedrebø

Også Bård Lea frå Østhusvik er fornøyd med tilbudet. Han er innom Amo’s pizza saman med sonen Magnus for å henta ein «Finnøy Pizza».

-Eg har prøvd Finnøy Pizza to gonger, og den er heilt topp, meiner han.

Det var for nokre veker sidan at eigaren av Finnøy Pizza, Alexandra Ciuciu, starta opp Amo’s Pizza på kaien i Vikevåg. Då hadde lokalene til Rennesøy kebab og pizza stått tome sidan mars, etter at den forrige eigaren la ned.

-Amo’s pizza går veldig bra, seier Alexandra Ciuciu.

Ho synes mottakinga det nye tilbudet har fått på Rennesøy er både kjekt og rørande.

-Folk er så hyggelege, seier ho.

6 tilsette

I og med knoppskytinga i Vikevåg, har Alexandra Ciuciu måtta utvida staben til heile seks personar. Fire faste og to ringevikarar.

-På Finnøy er perioden mars til september den mest travle tida. Og når det går så bra i Vikevåg i vintersesongen, trur eg det kan bli ganske travelt når sommarsesongen kjem. Bare i dag, midt på dagen fredag har eg rundt 25 bestillingar inne alt, seier ho.

-Kva er dei mest populære pizza’ene på menyen?

-Det er Finnøy Pizza og Eross pizza, opplyser Ciuciu.

Ho trur at nøkkelen til suksess er at pizza’en i Vikevåg har åpent kvar dag heile veka, søndag som mandag.