Brukthandel og bakst ga klingane mynt i kassen til Madagaskar

Bruktmessa i Fleirbrukshallen på Finnøy laurdag sette ny rekord. Heile 42.600 kroner kom inn til aksjonen «Med hjerte for Madagaskar».

Tina Nådland hadde rydda frå kjellar til loft og hadde mellom anna dette kjærlighetsskiltet å selja.
Publisert: Publisert:

FINNØY: -Eg er strålande fornøyd, og meir enn det, seier initiativtakar til bruktmessa, Ylva Jacobsen til Øyposten.

Ho rettar ein stor takk til alle som har bidratt med brukte lopper, gevinstar til loddsal, baking av gjærbakst og Fleirbrukshallen som stilte lokalet til disposisjon.

-Eg reknar med det blir ny bruktmesse neste år, slår Jacobsen fast.

Tor Arne Hærnes kom heilt frå Kvernaland med kone og tre barnebarn på slep. Han er spesielt på jakt etter ting frå Gravaren i Sandnes. Ingvild Tobiassen (t.v.) kallar seg for hobbysamlar, og sikra seg nøgd nokre lopper på bruktmarknaden.

Mange var tidleg ute då dørene åpna klokka 12 på laurdag, for dei gjævaste loppene går fort unna. Det var både klær, ymse pyntegjenstandar og lekkert bakverk til sals, alt til inntekt for Madagaskar.

Jostein Hølland frå Ombo fann desse lampeskjermane, som han trur vil passa fint på to gamle, handlaga lampettar han har heime.

Blant dei som hadde rydda frå kjellar til loft, pluss i garasjen, var Tina Nådland, sjefen på Innbyggartorget på Rennesøy. Ho hadde masse lopper ho gjerne ville bli kvitt.

-Eg elskar gjenbruk, seier Nådland.

Ho fekk med seg mannen til ryddeprosjektet, og det resulterte i både klær, ryggsekker, bilete og mykje anna.

-Det er flott viss andre kan få nytte av det me ikkje brukar lenger, seier Tina Nådland.

Ylva Jacobsen er storvegs nøgd med utbytte frå messa, som i sin heilhet går til aksjonen «Med hjerte for Madagaskar».

Jostein Hølland frå Ombo syntes han hadde gjort eit kupp, for han fann to lampeskjermar som han trudde kunne passa fint på to lampettar han har heime.

– Det er to eldgamle lampettar, som ein gamal lærar frå Øvre Espedal har skore ut. Dei er dekorerte med ein fin geitebukk, og eg har ikkje sett maken til dei nokon stad, seier Hølland.

Emma Leavy viser ein flott kjole ho har tenkt å selja.

-Eg skulle brukt den på skuleball, men så kom koronaen, og då blei det ikkje noko av. Nå kan kanskje nokon andre få glede av kjolen, seier ho.

Birgitte Jacobsen frå Finnøy hadde baka til bruktmessa som dottera Ylva arrangerte.
Sanne Lyse og Emma Leavy (t.v.) hadde gamle klær som dei ville bli kvitt. Den fine kjolen til Emma skulle ho brukt på skuleball, men det blei ikkje noko av på grunn av koronaen. Nå håpar ho andre kan få bruka han.