Stavanger ber fylket regulera sykkelveg til Reilstad
Det politiske fleirtalet i formannskapet bed Stavanger gjera ferdig reguleringsplanen for gang- og sykkelveg frå Nådå til Reilstad, slik at det kan leggjast jordkabel under.
STAVANGER: Høyre, Frp, Venstre og KrF fekk ikkje fleirtal for at Stavanger kommune skulle overta og gjera ferdig reguleringsarbeidet på strekninga.
-Finst det noko grense for kva fylkeskommunale oppgåver Stavanger skal overta, dette er ein fylkeskommunal veg, understreka Frode Myrhol frå Folkets Parti under debatten.
Mette Vabø (v) replisserte at det politiske fleirtalet vil regulera gang og sykkelveg frå Judaberg til Lauvsnes gartneri, som også er ein fylkeskommunal veg.
Leif Arne Moi Nilsen peika på at viss ikkje Stavanger kommune overtek reguleringsarbeidet frå fylket, så kjem ikkje det arbeidet til å bli gjort ferdig på mange år.
Fylkeskommunen vedtok før jul at strekninga Nådå-Reilstad ikkje skal inngå i handlingsprogrammet for bygging av gang- og sykkelvegar. Det vedtaket gjeld for dei neste sju åra.
Leiar i samferdselsutvalet i fylket, Ole Ueland skriv i ei melding til Øyposten at han må sjå vedtaket først, for å få full oversikt over kva det medfører.
-Viss det kjem ein slik forespørsel må det vurderast av våre fagfolk i ei eiga sak, før me kan ta stilling til det, skriv Ueland.