Det blir større buss og «heim for ein 50-lapp» i Finnøy frå april

Stavanger kommune planlegg å starta opp igjen «Heim for ein 50-lapp» frå april, både i Finnøy og Rennesøy. Finnøy får nå ein større buss til øya.

Snart blir det «Heim for ein 50-lapp» igjen til Finnøy og Rennesøy.
Publisert:

STAVANGER: -Det blir minibuss med plass til 16 passasjerar, opplyser Imme Dirks Eskeland, rådgjevar i Stavanger kommune til Øyposten.

Tidlegare har det vore maxitaxi med plass til bare åtte passasjerar til Finnøy.

-På eit møte med ungdommane på Finnøy i fjor fekk me tilbakemelding om at dei som regel var fleire som gjekk ut på byen ilag. Då kunne ein maxitaxi bli for liten. Nå prøver me med ein minibuss i staden, seier Eskeland.

Imme Dirks Eskeland er rådgjevar i Stavanger kommune.

Ut på anbud

Tilbudet skal nå ut på anbud, men det er planen at det skal starta opp i begynnelsen av april. Avgang blir frå Domkyrkjeplassen kvar natt til søndag klokka 0200.

Til Rennesøy vil det bli maxitaxi med plass til åtte passasjerar. Det blir to taxi’ar, ein til Åmøy, og ein til Mosterøy, Fjøløy og Sørbø. Det er det same opplegget som før.

-Me vil prøva tilbudet i åtte veker for å sjå om det slår til. Viss det ikkje er passasjerar må me tenkja nytt, seier Imme Dirks Eskeland, som oppfordrar ungdommane til å bruka tilbudet.

-Viss ingen brukar det, kan det falla bort, seier ho.

Håpar på elektrisk buss

Tilbudet er for unge frå 18–24 år, som kan bli køyrt heim for ein 50-lapp. Også vaksne kan bli med viss det er plass, mot å betala 100 kroner. Det blir elles ikkje kjøring i skulen sin sommarferie.

Stavanger søkte om 350.000 kroner til tilbudet, og fekk full pott frå Kolumbus. Når kommunen nå lyser ut anbudet vil miljø bli gitt fortrinn.

-Me vil gjerne bidra til det grøne skifte, og det ville vore fint viss me kan setja inn elektriske bussar i tilbudet. Men det gjenstår å sjå, seier Imme Dirks Eskeland.