STAVANGER: Sps Jarle Bø spurte under Kolumbus si orientering i fylket sitt samferdselsutval om det er mulig å klaga på eventuelt trekkja tilbake avlysinga av anbudet på nye hurtigbåtruter.

Til det svara Kolumbus-direktør Edith Nøkling at det ikkje er mulig.

-Vedtaket har ingen klagefrist og kan ikkje trekkjast tilbake, slo Nøkling fast, og fekk støtte frå leiaren i samferdselsutvalet Ole Ueland (h).

Hurtigbåtrutene forlenga til 2025

Det kom også fram at den politiske og administrative leiinga i fylket blei orientert av Kolumbus om avlysinga av anbudet, men det blei ikkje vurdert å konsultera fylkestinget før vedtaket blei gjort. Vidare opplyste Kolumbus at overgangen frå diesel til 0-utslepp, som var berekna til å kosta seks prosent meir, faktisk ville kosta 40 prosent meir.

-Det skuldast betydeleg auke i prisane på batteri- og straumprisar, blei det opplyst.

Ifølge direktør Edith Nøkling vil dagens kontrakt med Norled bli forlenga til 2025. Men Nøkling viste også til at passasjernedgangen er 35 prosent på hurtigbåtane, noko som skuldast pandemien, gratis ferjer og bortfall av bompengar.

Nå vil Kolumbus vurdera både ein kort kontrakt og ein lang kontrakt på 10 pluss to år.

-Viss det skal bli endring i ruteproduksjon, må fylkestinget gjera vedtak om det seinast 17. oktober 2023, opplyste Nøkling.

Ikkje mulig å omgjera vedtaket om å avlysa anbudet for hurtigbåtane. Foto: Arkiv

Blei overraska

Fleire av medlemmene av samferdselsutvalet uttrykte stor overrasking over vedtaket i Kolumbus, og Svein Erik Innbjo (frp) lurte på om miljø skulle trumfa alt når det gjeld hurtigbåtrutene.

Jarle Bø (sp) meinte det var ei feil avgjerd av Kolumbus å avlysa anbudet, og meinte også at det nå ligg i korta at Ryfylke vil få eit dårlegare rutetilbud.

Ole Uleland måtte korrigera Kolumbus-sjefen som hevda at utsleppskutt i følge fylkestinget skulle telja 65 prosent, og dermed var overordna.

-Utslippskutt skal telja 30 prosent mens økonmien skal telja 65 prosent, presiserte Ueland.

Fleire samferdselspoilitikarar var overraska over vedtaket, og minna om at vedtaket om nye hurtigbåtruter var grundig debattert i fylket.

Kjartan Alexander Lunde (v) ville vita om det måtte kuttast fleire hurtigbåtar enn vedtaket fylket har gjort om å gå ned frå fem til fire hurtigbåtar.

Kolumbus-sjefen sitt svar er at det er noko Kolumbus vil utreda nermare. Kolumbus viser også til forslaget som nå er ute på høyring om å kutta i løyvingane til fylket med 300 millionar kroner. Korleis dette vil slå ut for hurtigbåtane vil fylket få svar på 11 mai.