Her ligg Ombo til kai i Mekjarvik i Randaberg for reparasjon torsdag formiddag. Foto: Simen Ingemundsen / Randaberg24

– Me har tatt ut ferja Ombo på grunn av tekniske problem, seier driftsleiar Annette Røberg i Norled til Øyposten torsdag morgon.

Onsdag kveld gjekk alarmen for høg temperatur.

– Det er feil med kjølinga av motoren. Ombo ligg nå til kai i Mekjarvik der teknikarar frå Volvo er på plass for å sjå på den, seier Røberg.

Inntil vidare går det berre ei ferje i Finnøysambandet. Ruta er lagt om for å gi lik frekvens til alle dei seks kaiene i sambandet. Dei alternative rutetidene finn du på Kolumbus sine nettsider.

– Viss me ikkje får reparert Ombo i løpet av ettermiddagen, setter me inn reserveferja Hjelmeland, seier Røberg.

Ein lesar på Sjernarøy skreiv dette til Øyposten seint onsdag kveld:

– Nå var ferja ute av drift frå måndag klokka 14.00 til neste dag kl 22.00, utan ekstraferje og utan nokon spesiell informasjon. Nå kom det melding igjen at det skal være midlertidig rute torsdag, men utan ekstraferje. Dette er tross alt vegen vår ...