Laurdag må du hugse å knyte sydvesten

Meteorologisk institutt melder stiv kuling med storm i kasta. Det skal også regne ein del.

Journalisten sitt avkom, Hedda Karin, prøvar å halde balansen på Mortavika onsdag ettermiddag. Får me ein reprise av dette vêret i helga som kjem?
Publisert:

Kanskje er det stille før stormen nett no. På onsdag kom det også eit skikkeleg uvêr over Rogaland, så me har i det minste fått ein liten pause frå vinden på torsdag og fredag.

Slik ser i alle fall vêrmeldinga ut på Judaberg på laurdag:

Det blir vind, og det blir regn, seier Meteorologisk institutt.

På onsdag slutta nokre båtar å gå, andre gjekk til reservekai, så skal du ut og reise, gjer du lurt i å sjekke ein ekstra gong kor du finn nettopp din båt.

Gode stader å søke etter denne informasjonen er på Norled driftsmeldingar, Kolumbus driftsmeldingar, eller på Fjord1 trafikkmeldingar. Du kan også abonnere på SMS-tenester frå dei.

Det var mykje vind og sjø på Mortavika på onsdag. Øyposten er ikkje synske og kan derfor ikkje garantere at det blir likt på laurdag, men Meteorologisk institutt seier så.
Publisert: