Liberal utan å provosere: Dorrit kan bli neste finnøybu i bispedømerådet

Kyrkjepolitikar Dorrit Vignes (38) skildrar seg som liberal i teologien, men tradisjonell i form.

Dorrit Vignes står som nummer to på Open folkekyrkjes liste til bispedømevalet.
Publisert: Publisert:

Fram til og med måndag 11. september skal medlemer i Den norske kyrkja i Rogaland velje sju representantar til Stavanger bispedømes bispedømeråd. Landets bispedømeråd utgjer igjen det årlege Kyrkjemøtet, som bestemmer vegen vidare for Den norske kyrkja.

Skal kyrkja gå hit? Eller skal kyrkja gå dit? Ei av dei som truleg får eit ord med i laget, er Dorrit Vignes frå Finnøy. Ho står på andreplass og er ein av to kandidatar med stemmetillegg på lista til Open folkekyrkje.

Stille markering

– Open folkekyrkje har kjempa fram ein liturgi for likekjønna ektepar. Organisasjonen har òg arbeidd imot at Stavanger bispedøme som einaste bispedømet i landet skal spørje om samlivsform når dei tilset nye prestar, seier Dorrit Vignes.

Ho skildrar seg som liberal, og kanskje meir liberal enn mange på Finnøy er vande med. Etter snart fire år som soknerådsleiar i Hesby sokn har ho likevel prøvd å ikkje vere provoserande liberal:

– Eg har eit regnbogeflagg i kjøkkenvindauget mitt. Det har førebels vore mi stille markering.

Ein kristen heim

Ho voks opp på Vignes med foreldra Marit og Terje og brørne Oddvar og Kåre. Der var kyrkjeliv og misjon ein integrert del av kvardagen.

– Eg kan ikkje huske at me nokon gong var på bytur utan å vere på utkikk etter gevinstar til mors basar, fortel Dorrit:

– Søndagane var me fast i kyrkja om formiddagen og på bedehuset om kvelden.

På eit tidspunkt gjekk det i ball med alle bedehus, kyrkjesamfunn og misjonslag:

– Ein gong måtte eg spørje mor om kor eg høyrde til. Du høyrer til i Den norske kyrkja, og Det Norske Misjonsselskap (NMS) er misjonsorganisasjonen din, svara mor.

Det la Dorrit seg på minnet. Seinare har ho blant anna jobba fleire år som organisasjonssjef i barne- og ungdomsorganisasjonen til NMS.

Trygg ramme

Dorrit flytta tidleg ut. Ho tok lærarutdanning. Ho gifta seg og fekk to døtrer. For fire år sidan flytta ho frå Stavanger tilbake til Finnøy. Etter den tid har ho skilt seg. Ho har gjort nokre livserfaringar.

– I ungdomstida var eg mykje med i frikyrkjelege samanhengar. Eg likte den friare forma der. Etter kvart har eg blitt meir og meir glad i den tradisjonelle gudstenesta. Eg opplever at liturgien gir ei god ramme for livet, og det er fint å be bøner og synge songar som er tygd og knadd gjennom generasjonar, seier Dorrit.

Ho meiner at det òg kan vere fint å vere i kyrkja utan at det skjer så mykje:

– Ein ting me har fått til i soknerådet denne perioden er at Hesby kyrkje skal prøve å ha oftare ope utanom faste gudstenestetider. Me har òg fått i gang kyrkjekaffi.

Om demokratiet

Røyster har meint at berre dei som går i gudsteneste bør få stemme i kyrkjevalet. Det er Dorrit sterkt imot.

– Tru og tvil kan kome til uttrykk på mange måtar. Å gå i gudsteneste er ein måte, seier Dorrit:

– Eg ser på alle medlemer som likeverdige og støttar den måten me organiserer valet på i dag.

På stemmesetelen til Open folkekyrkje står det at Dorrit Vignes er født i 1984, at ho er kvalitetsleiar og at ho soknar til Finnøy. I den ulne tittelen kvalitetsleiar ligg at ho har ansvar for kvaliteten hos Grieg Seafoods slakteri på Helgøy.

Me kan skøyte til at ho for to år sidan tok ein mastergrad i leiing med ei masteroppgåve som handlar om at dialogen mellom menneske ofte er veldig skjør.

Bruk stemma

Vil du røyste på førehand i kyrkjevalet, kan du gjere det digitalt på nettsida til Den norske kyrkje. Det blir òg mulig å førehandsrøyste i kyrkja etter gudstenester og på kyrkjekontoret framover.

Elles skjer valet parallelt med kommune- og fylkestingsvalet. Sjølve valdagane er søndag 10. og måndag 11. september. På Judaberg er vallokalet Finnøy fleirbrukshall, men i eit rom fråskilt kommune- og fylkestingsvalet.

Ein forskjell frå kommunevalet er at aldersgrensa for å delta i kyrkjevalet er 15 år.

– For at me skal halde fram som ein levande og demokratisk organisasjon, må fleire bruke røysteretten. Valdeltakinga har tidlegare vore for låg, seier Dorrit Vignes.

– Eg vil oppmode alle medlemer om å bruke stemma si, òg dei som ikkje kjem til å stemme på meg, legg ho til.

Publisert: