Finnøypolitikar på stemmesanking i nordfylket

Birger Hetland (Sp) kan bli einaste frå Ryfylkeøyane i det nye Fylkestinget til hausten.

Birger Hetland, her saman med Tor Inge Eidesen og Lisa Marie Klungland Ness frå Stortinget, delar ut valkampprogram til nord-rogalendingar. Dei kan hjelpe han å få ein plass i fylkestinget. Tonje Aukland Sandtorv bur i Haugesund og møter Hetland på stand i Haugesund sentrum.
Publisert:

Sola stakk nokre stråler fram mellom regnbyene då Øyposten møtte Hetland på stand under Sildajazzen i Haugesund.

– Når ein blir valt inn i fylkestinget, skal ein arbeide for heile fylket, men eg trur det er viktig at me får inn nokon som kjenner til dei lokale forholda i øyane våre. Me kan ikkje ta det for gitt at andre vil kjempe våre kampar når dei skal sjå fylket som ei eining.

Det er særleg sakene som handlar om samferdsel som påverkar øyfolket i dagleglivet. Andre ansvarsområde hjå fylkeskommunen, er tannhelse, vidaregåande utdanning, regional planlegging og kultur.

Få kandidatar

Øyposten har kontakta alle partia som stiller liste i Rogaland, og det var langt mellom kandidatane frå Finnøy og Rennesøy kommunedel. Dei fleste partia meldte tilbake at dei ikkje har nokon kandidatar frå øyane på fylkestingslista. Fleire parti hadde heller ikkje medlemmer i området.

Senterpartiet har tre personar frå øyane på lista si; Birger Hetland frå Sjernarøy på sjette plass, Marte Westersjø Nesheim frå Bru på 14.-plass og Lisa Breiland på 51.

Andre parti

Partiet Sentrum og FrP har ein kandidat kvar til fylkestinget.

Dette er Hege Lalid på 17.-plass for Partiet Sentrum. Ho er busett på Austre Åmøy.

Tor Bernhard Harestad står på 14.-plass for Framstegspartiet.

Elles er det Henrik Halleland som er på 46.-plass på Kristelig Folkeparti si liste.

Halleland melder til Øyposten at han tenkjer at fylkespolitikk er viktig, men at han står som ordførarkandidat og gruppeleiar i Stavanger, og at han difor ikkje ønskjer å stå høgare på lista til fylkestinget.

– Det er plenty med arbeid i kommunepolitikken, så for min del tar det så pass mykje tid at eg ikkje kan ta på meg meir ansvar.

Dei andre partiet har ikkje svara på Øyposten sin førespurnad, men Ottar Sandanger melder at Jon Olav Runestad står på Arbeidarpartiet si fylkesliste.

Publisert: