Seks meter høg lysengel reist på Finnøy
På Landafjellet på Finnøy har Kristoffer Landa og to søskenbarn reist ein seks meter høg engel som er synleg heilt til Rennesøy.
FINNØY: Engelen står ytterst på kanten av Landafjellet, og er laga av ikkje mindre enn 2500 små ledlys. I vintermørket lyser den opp på heia på Finnøy.
-Me tenkte eigentleg på å laga ein nisse, men det var litt vanskeleg å få til. Difor blei det i staden ein engel, seier Kristoffer Landa, som til dagleg jobbar som driftssjef i Rennesøy Stein.
-Det er kjekt med lys, og me gjorde det mest for løye. Nå rundt jul blir det hengt opp lys mange stader, seier Landa til Øyposten.
Ramma som engelen er festa til er seks meter høg og 3,60 meter brei, og ledlysa som utgjer lysengelen er festa med rundt 400 strips til hønsenetting. Første gang engelen var på plass var i 2018. Også året etter lyste han over bygda, men så var han borte i fjor. Men nå er engelen på plass igjen,
Engelen står med utslåtte vengjer og med glorie over hovudet. Straumen blir henta nede frå tunet 80 stupbratte meter nedanfor, ved hjelp av ein hundre meter lang skjøteledning.
Engelen er blitt lagt godt merke til, og ifølge Landa har dei fått ganske mange positive tilbakemeldingar på «kunstverket».