Ordføraren fekk blokka full av gode juleønske etter øy-runden

Ordførar Kari Nessa Nordtun fekk mange gode «juleønske»med seg tilbake til byen etter besøket på Finnøy, Sjernarøy, Ombo og Fogn. Øyfast, garasje til brannvogner og eige ungdomshus var blant ynskja.

Ordførar Kari Nessa Nordtun helsar på finnøyungdommar som gjerne vil ha eige lokale til ungdomsklubben sin.
Publisert: Publisert:

FINNØY: - Eg er ofte på Finnøy, kanskje oftare enn i man ge andre kommunedeler, seier Kari Nessa Nordtun til Øyposten.

-Det er stor engasjement for lokalsamfunnet sitt her. Det likar eg. Me treng tydelege stemmer og mykje engasjement når me skal skapa gode felleskap i kommunen vår, slår ordføraren fast.

Øy-runden starta med «Kari-timen» på Innbyggartorget på Finnøy. Her lånte ho øyra til både Coop’en, aksjonsgruppa mot luftlinjer, ivrige Høyre-kvinner som ville ha trafikksikring og betre bemanning på sjukeheimen, og ikkje minst ungdomklubben på Finnøy som ynskte eige klubblokale.

Johan Bull-Njaa frå aksjonsgruppa mot luftspenn over Finnøy, dei nye kraftlinjene som er planlagt, meinte at Lyse ikkje tok lokalsamfunnet på alvor. Underskriftslistene mot luftspenn var sendt vidare til Lnett, opplyste ordføraren, men det var ikkje kome noko tilbakemelding derifrå.

Johan Bull-Njaa orienterer ordføraren om motstanden mot ny kraftforbindelse i lufta over Finnøy.

Bull-Njaa la til at det ville bli massiv motstand frå grunneigarar på Finnøy mot luftspenn, noko som kunne forsinka arbeidet mykje.

Ordføraren noterte argumenta, og svara at dette var ei krevande sak. Først og fremst kven som skal betala ekstrakostnadane med jordkabel.

Ja-kommune

Ordførar Kari Nessa Nordtun og næringssjef Anne Woie får smaka kråkebolle i Havbruksparken på Judaberg av Rebecca Rye.

Etterpå hadde ho møte med ungdommar på Finnøy, som ynskte buss til byen, fleire båtavgangar og ikkje minst eige lokale for ungdomsklubben.

-Det er kjempeviktig å ha ein stad som er tilgjengeleg for all ungdom, kvitterte Kari Nessa Nordtun, og lova å ta saka vidare.

-Me er ein ja-kommune, forsikra ho.

Etter ei omvising i Havbruksparken med ein kikk innom kråkebolleprosjektet og hummaroppdrettet, blei kursen sett med ekstrabåt mot Sjernarøy og Grieg Seafood sitt lakseslakteri på Helgøy.

Ikkje unaturleg blei det ein del snakk om den nye grunnrenteskatten, som også ordføraren var ganske kritisk til forslaget. Kari Nessa Nordtun var også bekymra for fiske etter leppefisk.

-Før fiska me stinter på kaien på Fister, nå er det ikkje stinter igjen, har eg høyrt, sa Nessa Nordtun med bekymringsrynker i pannen.

Men følget blei storvegs imponert over standarden på slakteri og produksjon med 2800 laksetrailarar på ferja i året.

Daniel Nedrebø og Kari Nessa Nordtun i goddrøs. Bak til venstre står Oddfrid Nygård Nedrebø, som driv butikken i Helhøysund.

Ramla på sjøen

Etterpå var det stopp i Helgøysund Marina, kor Oddfrid Nygård Nedrebø og far Daniel var vertskap. Også ein nabo stakk innom.

Der kunne ordførar Kari Nessa Nordtun røpa at ho hadde ramla på sjøen ein gong, då ho var med far Tore og mor Solveig på båttur. Det blei litt kaos, for då var Kari bare 5–6 år. Til all lukke gjekk det godt, men skrekken set fortsatt spikra hos henne.

Daniel og Oddfrid hadde mykje på tapetet, ikkje minst Øyfast, men også oppsjaining av gjengrodde turstiar på Nord-Talgje og oppfisking av kyrkjegarden på Kyrkjøy.

Næringssjef Anne Woie var i sommar blir guida rundt på Sjernarøyane av Daniel, og kan ikkje gløyma den vakre Sjernarøy-kyrkja.

-Den fortener eit fint uteområde, meinte Daniel, og la til at han hadde tilbydd seg å betala, men aldri fått nokon respons.

Etter ein snartur innom butikken på Eriksholmen, var Eidssund neste stopp. Her ville både store og små møta ordføraren, mens butikkeigar Karin Ågesen baud på heimebakst og kaffi.

Ordføraren og næringsjefen fekk høyra alt om kor trongt økonomisk det er å driva butikken nå for tida, med rekordhøge straumprisar. Dei fekk også høyra om brannvogner på øyane som manglar frostsikre hus, bønder som er usikre på framtida og den viktige hurtigbåten for pendlarar.

-Viss folk skal bu her, må dei koma seg på jobb om morgonen. Og då er pendlarbåten som er på Judaberg fem på åtte avgjerande, sa Håkon Eide.

Ombo-buar hadde mykje på hjerta. Til vestre Kjell Nes saman med Ole Dagfinn Nårstad.

Tok tak i brannvogner

Nessa Nordtun reagerte umiddelbart på manglande hus for brannvognene, med å senda ei melding til kommunedirektøren, for å høyra kor saka står. Ho ynskte også at kommunen skulle overta kollektivtrafikken i Stavanger frå fylket, for å få betre kontroll på tilbudet.

Ole Dagfinn Nårstad peika på at det var ledige boligtomter på Ombo, men at salget går tregt.

-Viss me hadde hatt ein fastlandsforbindelse, ville det vore annanleis, meinte han, og fekk full støtte av Kjell Nes.

Etter Ombo-besøket var det klart for siste stopp; Fogn, kor grendalaget tok vel i mot ordføraren og følget.

Her stod også Øyfast på tapetet, og næringssjef Anne Woie meinte at det ikkje nyttar å bare snakka til «menigheten» gjennom Øyposten. -De må nå lenger ut, sa Woie.

Blide fognabuar

Kravet om gang og sykkeleveg for boligfeltet på Holmastø var også ei verketå, som blei presentert for ordføraren. Folk vil byggja, tomtene er fantasiske, men ingen få lov å byggja før gang- og sykkelevegen er på plass. Og det vil kosta mange hundre tusen ekstra for kvar tomt .

Ordføraren anbefalte at det blei levert ein godt begrunna søknad om «dispensasjon», så kunne det kanskje bli husbygging like vel, meinte ho.

Etter den korte drøsen rundt bordet med fognabuen, som var både blide og løysingsorienterte, måtte Kari skunda seg heimover til Madla for plikter i heimen.

Båten til Helgøy skyssbåt sett kursen mot Judaberg, og dermed var det punktum for ordførarbesøket i øyane for denne gong.

Munter stemning under møtet med ordføraren på Fogn. Øyvind Sandanger (t.v.), Ole Klingsheim, Heidi Bø Sangedal, Jon Olav Runestad og Kristoffer Østhus.