Tidenes hjortejakt på Ombo

Fjorårets hjortejakt er oppsummert. 138 av 165 dyr blei skotne, og det må vera rekord på Ombo, meiner Tor Bjørn Sinnes, leiar i Ombo Viltlag.

Tor-Bjørn Sinnes er leiar i Ombo Viltlag
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

OMBO: -

Eg kan sjølvsagt ikkje uttala meg bombesikkert, men det blei eit usedvanleg godt år. I 2019 blei det felt 84 dyr på Ombo og 80 dyr i 2020. I fjor blei resultatet heile 58 fleire dyr. I utgangspunktet vart det gitt fellingsløyve på til saman 135 dyr, men me fekk eit tilleggsløyve på 30 unge dyr, fortel Sinnes.,

- Kvifor fekk dykk lov å ta 30 ekstra dyr?

- Det har å gjera med at bestanden av dyr på Ombo er aukande og for å behalda stammen sunn og frisk. Hovudvekta av dei dyra som blei tatt i fjor er ungdyr og kalvar. Dermed reduserast talet på hjort medan dyra som kan føra stammen vidare er intakt.

Rekordtal

Naturforvaltar i kommunen, Vegard Ankarstrand, opplyser i ein mail til Øyposten at det er rekordhøge fellingstal for hjort i heile kommunen, og at dette skuldast i stor grad Ombo, men også Rennesøy og Finnøy.

- Gjennom denne ekstrafellinga får me over tid ein sunnare stamme av færre dyr i betre kondisjon. Mange vaksne bukkar og store koller er nøkkelen til ein sunn stamme, seier naturforvaltaren.

Sinnes fortel at det er fleire ting som har gjort fjorårets jakt til ei av dei aller beste.

- For det fyrste vil eg berømma det gode samarbeidet mellom grunneigarar og jegerar. Når ein spelar på lag og har felles forståing for det ein driv med, har ein det beste utgangspunktet for å lukkast. I tillegg fekk me ta dei fleste unge dyra tidleg i jakta, noko som alltid er ein fordel. Så vil eg og berømma jegerane for at dei har vore flinke å registrera nødvendige postar i hjortviltregisteret. Det er eit fantastisk verktøy som gir oss full oversikt over alle sidene ved hjortejakta. Her kan ein gå tilbake å henta ut nyttig informasjon om kvar einaste jakt. På bakgrunn av denne statistikken kan ein også planlegga for framtidig jakt, fortel Sinnes, som vil føreslå at ekstrakvoten på 30 dyr blir vidareført i utarbeidinga av neste bestandplan.

Meir felling av rådyr

Men det er ikkje berre hjort det er mykje av. Det er også mykje rådyr, spesielt på øyane.

- Rådyr er truleg svært underskatta i Stavanger, dette gjeld særlig på øyene. Her burde fellingane vore langt høgare for å kunne utnytta denne viltresursen, og oppnå færre trafikkdrepte dyr og mindre beiteskader. Her ligg eit stort potensial for utleige av jakt og inntekt for grunneigarane, seier Vegard Ankarstrand til Øyposten.

Her er statistikken over felte rådyr:

Rådyr:

Felt hannkalv40
Felt eldre hann88
Felt hunnkalv33
Felt eldre hunn34

Felt Hjort i Stavanger

Publisert: