Klara Augestad er glad for å ha sonen Jørn heime i god behald.|Slik såg bilen ut etter den kraftige samanstøyten med ein lastebil.||Då han skulle fraktast den 1000 kilometer lange turen til flyplassen i Teheran såg han for seg ei ambulanse, men det blei 16 timar i ein heilt vanleg personbil.

FINNØY: Men den unge globetrotteren har ikkje lete seg skremma av opplevinga. Han er allereie i ferd med å planlegga nye reiser, og å skriva ny bok.,

Mista kontrollen

Det skjedde i byrjinga av mars. Saman med to vener var han på veg til landsbyen Maymand i provinsen Kerman, sør i Iran. Målet for turen var en liten landsby med fleire tusen år gamle grotter som dei skulle overnatte i. Bilen dei køyrde var ein gammal Peugeot. Det var kveld, vegen var smal og sjåføren hadde høg fart. Ein lastebil kom mot dei, sjåføren til bilen som Jørn sat i blei stressa og mista kontrollen.

Så smalt det.

Slik såg bilen ut etter den kraftige samanstøyten med ein lastebil.

- Då eg kom til meg sjølv skjøna eg straks at eg var hardt skadd, fortel Jørn Bjørn.

Jørn sat i passasjersetet. Airbagen redda truleg livet hans. Kvinna som køyrde bilen sat også fast, men verst hadde det gått utover mannen i baksetet. Han hadde ikkje hatt på seg sele, samanstøyten hadde kasta han framover og han hadde slått hovudet hardt i frontruta. Han hugsar at folk kom til og prøvde å få dei laus frå den samanklemde bilen. Han hugsar at kvinna som hadde køyrd bilen skreik. Så hugsar han ambulansen, og ei sterk smerte.

-Det gjorde skikkeleg vondt.

Han hadde brote beinet og hadde stygge skader på hendene. Kvinna som køyrde hadde brote begge beina og fekk hjerneristing. Mannen i baksetet fekk hjernebløding. Men alle kjem til å klara seg.

Ville heim

Jørn vart frakta til eit sjukehus i ein liten landsby.

-I motsetnad til Irak og Afghanistan er Iran eit land med god infrastruktur. Sjukehusa er bra, sjølv om det ikkje kan samanliknast med norsk standard.

Jørn måtte operera, og blei liggjande på sjukehuset i seks dagar.

-Det var ikkje seks gode dagar. Eg hadde frykteleg vondt. Eit minutt kjendest som ein time. Dessutan var det  vanskeleg å kommunisere med dei som jobba der.

Heime på Finnøy ante Kjell og Klar Augestad fred og inga fare då det plutseleg tikka inn ei melding på Instagram frå ein mann i Iran dei aldri hadde høyrt om før. Bilete viste sonen deira liggande skadd i ei sjukeseng.

-Då fekk ein skikkeleg støkk i meg, seier Klara.

Jørn sin mobiltelefon var øydelagt i samanstøyten. Han måtte få varsla foreldra. Bror til ein av de i andre i bilen tok eit bilete av han og sende til foreldra på Finnøy. Etter kvart fekk dei ny melding. Denne gongen frå Jørn: «Eg har vore i ei bilulykke. Men eg har det bra».

Jørn ville heim til Norge snarast råd.

-Legen var grei og skreiv meg ut etter seks dagar sjølv om han eigentleg mente det var for tidleg. Eg kunne ikkje sitje oppreist, så sjukehuset rekvirerte ein bil som skule køyre meg til flyplassen. Dei sa det var ein slags sjukebil, men det viste seg å vere ein heil vanleg personbil. Turen til Teheran var på 1000 kilometer og tok 16 timar.

Det var smertefulle timar. På eit tidspunkt hadde han så vondt at dei køyrde innom eit sjukehus langs vegen. Ein sjukepleiar kom ut til bilen, sette ei morfinsprøyte i armen til Jørn, før dei køyrde vidare.

Knivstukken, rana og fengsla

Han tok fly frå Teheran til Istanbul, deretter frå Istanbul til Oslo og vidare frå Gardemoen til Sola. Der blei han møtt av Kjell og Klara som køyrde han rett til legevakta. Dei sende han straks vidare til sjukehuset. Han blei operert på ny. Plater og skruer blei sett inn i lårbeinet. Dei oppdaga også brot i lårhalsen, som legane i Iran ikkje hadde sett. I tillegg plukka dei 62 bitar med glasskår ut av hendene hans.

Då han skulle fraktast den 1000 kilometer lange turen til flyplassen i Teheran såg han for seg ei ambulanse, men det blei 16 timar i ein heilt vanleg personbil.

-Så no sit eg her då. Men eg klagar ikkje. Eg får godt stell, eg planlegg nye reiser og eg skriv på ny bok.

,Det er ikkje første gong Jørn Bjørn har vore ute for dramatiske opplevingar på reise. I Kambodsja krasja bussen han sat i, i India byrja bussen å brenne og i Marokko køyrde bussen utanfor ei bru. Og det stoppar ikkje der. Han har også blitt knivstukken, rana, fengsla og fått både dengue-feber og malaria. Likevel har han skrive ei bok med tittelen «

Reis, verden er ikke så farlig som du tror».

-Det står eg framleis for. Det finnes ikkje farlege land, berre farlege situasjonar. Og det farlegaste, uansett land, er trafikken.

Ny bok

-Fortel om det nye bokprosjektet ditt.

-Gjerne. Eg skal skrive om såkalla semi-autonome land. Altså land som ikkje er land, seier han.

Lat oss forklara nærare.  Dette er land, eller regionar, som har ein viss uavhengig status, og som ofte har ei anna etnisk samansetjing enn resten av landet. Dei står ikkje på FN si list over verdas land, og er difor per definisjon ikkje offisielle land. Døme på semi-autonome stader er GrønlandFærøyene og Tsjetsjenia. Eit anna døme er Donbas-regionen aust i Ukraina, som me har høyrd mykje om i nyheitene i samband med den pågåande krigen mellom Russland og Ukraina. Dit har han imidlertid ikkje tenkt å reise, sidan han unngår krigssoner. Det er 70 slike regionar i verda. Jørn har vore i dei aller fleste.

-Boka er i ferd med å ta form og vil truleg få tittelen «Grenseløs», seier han.

Krykkjer inga hindring

Akkurat no er han i ferd med å planleggje ei reise til ein semi-autonomt region; Åland i Finland.

-Mor mi er ikkje så glad for det, ho meiner eg må vente  til foten min er heilt fin, seier han og smiler til Klara som kjem inni stova for å by på meir kaffi.

-Eg redd du ikkje høyrer på meg, seier ho og smiler tilbake.

Å vere mamma til ein globetrotter som Jørn er ikkje alltid enkelt. Han har aldri reist på tradisjonelt vis, ingen flotte hotell og guida turar. Jørn reiser på eigenhand, blir kjend med folk undervegs, søv gjerne ute eller heime hjå lokale. Han er ein av få nordmenn som har vore i alle verdas land.

-Eg er ofte uroleg for han, men eg vil ikkje at det skal stå i vegen for at han skal få gjera det han elskar mest av alt. Jørn er eit reisande unikum, og han imponerer meg stadig med all kunnskapen han tileignar seg om folk, historie og kultur. Det er alltid spannande å høyre han fortelje frå reisene sine, seier ho.

Jørn nikkar samtykkande.

-Eg kan nok ikkje kasta krykkjene før til sommaren, men så snart eg kan trø på foten reiser eg. Krykkjer er inga hindring. Eg har ein ven frå Storbritannia som reiser verda rundt aleine. Og han er blind.

BilettekstAR:

Bilen: Slik såg bilen ut etter den kraftige samanstøyten med ein lastebil.

Notatbok og PC: Han er allereie i ferd med å planlegga nye reiser. Denne gongen til Åland.

Liggjande i bil: Då han skulle fraktast den 1000 kilometer lange turen til flyplassen i Teheran såg han for seg ei ambulanse, men det blei 16 timar i ein heilt vanleg personbil.

Saman med mor: Klara Augestad er glad for å ha sonen heime i god behald.

Portrett: Jørn Augestad er ein av få nordmenn som har vore i alle verdas land. Den alvorlege bilulykka har ikke skremt han av frå å reisa meir.

I sjukesenga: Seks dagar låg Jørn på sjukehus i Iran.