Nataliia Olefir kom til Finnøy for to dagar sidan og er full av takksem for alt folk i Finnøy har gjort for det ukrainske folket

FINNØY:

De var berre Nataliia som kom heilt til Finnøy, dei andre flyktningane blei stoppa ved grensa til Danmark på grunn av mangel på pass.,

Øyposten møtte ho på middagen som Utsyn arrangerte til inntekt for Ukraina onsdag, før reisa går vidare til Israel på søndag. Arvid Bjerga er med som tolk.

- Eg skjønar sjølvsagt ikkje eitt einaste ord av det som blir sagt, men det er ikkje nødvendig for eg seg i varmen og godheita som lyser i augne til alle eg møter. Eg kjenner at Finnøy er ein god stad å vera.

Vil til familien

Nataliia har mista både sonen og mannen sin og bur åleine i Ukraina. Svigerdottera som er frå Israel tok sonen med seg tilbake då mannen hennar døyde. Barnebarnet som er 23 år har jobba fleire år som sesongarbeidar på Finnøy, men har no vore i militæret i Israel og er ferdig utdanna elektroingeniør.

- Hadde det berre vore meg sjølv, er det ikkje sikkert eg hadde forlete Ukraina. Eg har hus og hage med blomar og frukttrær som eg bruker mykje tid på, men då eg såg kor bekymra svigerdottera og barnebarnet mitt er, kom det over meg; kva ventar eg eigentleg på? Eg reiste meg rett opp og byrja pakka. Hunden overlet eg til naboane.

Så fylgde ei vond tid der ho fekk kjenna konsekvensane av krigen på kroppen, før ho endeleg møtte Arvid Bjerga og dei andre medpassasjerane i Polen.

Takk til Finnøy

- Eg hadde aldri trudd eg skulle oppleva ein krig, å sjå så mykje elendegheit som folket mitt no gjennomgår. Eg veit ikkje kva som skjer med Ukraina om eg nokon gong kjem tilbake, kan henda det er ingenting å komma tilbake til? Tida vil visa. Eg tek ein dag om gongen.

- Kva med dei som kjem etter til Finnøy?

- Eg er viss på at dei vil oppleva den same gode kjensla som eg føler. Eg opplever oppriktige medmenneske som hjelper og vil oss vel. Eg er er svært audmjuk og takksam til det norske folket som har teke våre smerter som sine eigne. Eg har lyst å klemma alle eg ser, og ynskjer dykk alt godt. Opp i all elendigheita er det fantastisk  å kjenna på denne godheita. Eg takkar Gud for at eg fekk turen til Finnøy, seier Nataliia Olifer.