Ivrige leitemannskap jobbar seg mot ei løysing på årets påskekrim. Frå venstre: Gabriel Bråtveit, Olav Ladstein, mor Reidunn Aabrekk Bråtveit og Sømjo Bråtveit.

FINNØY:

Mannsterke stiller dei opp framføre 4.post i løypa som skal leia dei til hanekammen. Ved å scanna qr-koden på vindauget får dei nødvendig informasjon som tek dei eit steg nærmare hanekammen. Samtidig får dei får dei uttelling i trimpoengappen.,

Sømjo Bråtveit har allereie peika ut kursen vidare og røper til Øyposten kor post 5 er.

- Me skal ta heile løypa i dag, fortel. Han tykkjer det er kjekt med påskejakt, og ikkje for vanskeleg.

Mor, Reidunn Bråtveit, har lete seg inspirera av fortellinga og er ikkje framand for at ho kanskje vil fortsetta historia. Det er nemleg slik at sjølv om hanekammen blir funnen eller ei, er det ikkje nødvendigvis slik at historia er slutt.

- Me skal til Sirdal på hyttetur i morgon. Kanskje me sett oss ned og ned og skriv vidare på forteljinga, smiler Reidunn.

Det kan henda at Reidunn si historie om den uheldige hanen frå Hanasand som miste hanekammen, kan leggast til grunn for neste års påskekrim.

På innbyggartorget vil dei bli glade om nokon ønskjer å spinna vidare på forteljinga til Silje Klakegg.