-Fiberen er på veg, konstarerer Harald Wiig Bjørn-Nielsen. |Gravinga er i full gang på Byre. For det meste blir fiberen lagt oppå bakken, men i traseen for ei mulig forlenging til Børøy blir han gravd ned.||Harald Wiig Bjørn-Nielsen.|Laga av råvarer frå Byre.|Sau er ein del av driftsopplegget på garden. Nå har dei planar om å byta ut villsauene med rasen spel.

BYRE: Arbeidet er i god gang, og fiberkabelen blir for ein stor del lagt open, men i plastrøyr, langs grensegjerda på øya. Bare i traseen for ei eventuell vidareføring til Børøy, blir kabelen gravd ned.,

Årsaken til at det blir gjort på denne måten, er for å få ned prisen.

Gravinga er i full gang på Byre. For det meste blir fiberen lagt oppå bakken, men i traseen for ei mulig forlenging til Børøy blir han gravd ned. Foto: FOTO: Privat

Harald Wiig Bjørn-Nielsen har jobbe lenge og tålmodig for å få det nye tilbudet på plass, saman med Knut Olav Alver i Byre hytteforening. Alver har banka på kvar einaste hyttedør for å få folk til å teikna seg, og nå kan dei snart plugga data’en i kontakten i veggen og vera online.

-Det blir flott å kunna jobba på data like godt her som i byen, seier Harald Wiig Bjørn-Nielsen.

Alle fastbuande har sagt ja til å bli med, pluss rundt halvparten av hytteeigarane. Men er dei lure teiknar dei seg på nå, for seinare vil det bli mykje dyrare å kopla seg til, seier han.