Av Oddbjørg M. Måland,

-Ja, det er ein påstand eg har høyrt. Eg såg nok ut som ein og du veit ein vert ofte sett i bås ut frå utsjånad. Idear som var oppe i tida fasinerte meg, og eg sympatiserte også med mykje av det hippie-bevegelsen stod for saman med det tankegodset som 1968 – generasjonen bar til torgs. Det sneik seg inn først med musikk-interressa mi, seinare med litteratur, teater og andre kunstformer eg involverte meg i. Då eg reiste ut på skule som 15-åring, kom dette etterkvart til å ta meir og meir fokus i livet mitt, seier Kristoffer.

-Eg er sikkert også fødd med eit behov for å uttrykka meg. I oppveksten min var det ikkje så mange arenaer for det. Det var skulen, og der likte eg meg godt. Etter kvart oppdaga eg skattane i skulebiblioteket, og var ein flittig boklånar. Ein kunne lesa fasinerande historier frå framande stader og drøyma seg bort. Så var det fridomen ein hadde med å bu med natur rundt seg på ei øy der ein kunne leika fritt, fantasien kunne få spelerom og kreativiteten kunne blomstra. Så var det bygdekinoen som var ei kjekk avveksling når den kom på besøk. Og  stor takk til NRK radio med lørdagsbarnetime og skulekringkasting, som nok i stor grad stod for oppdragelse av ein heil generasjon. Dei fleste av oss hadde felles referansar der.

Den store verda

- Då eg for ut i verda, hadde eg nok alle antennar ute og tok inn mange signal. Lyden av engelske musikkgrupper som Beatles, Stones, Kinks, Animals osv. fasinerte meg veldig, og eg forstod at dette var lyden av min generasjon i motsetnad til det meste eg hadde tileigna meg før som var tidlaus  kulturarv. Dette ville eg og vera ein del av, og tok til med å framføra dette stoffet og etterkvart ting eg laga sjølv. Eg klarte også å anskaffa meg min fyrste gitar og læra meg å spela etter ei enkel instruksjonsbok. På den tid var der jo ingen kulturskule eller liknande der ein kunne læra seg eit instrument eller korleis ein skulle skriva og framføra ting, så ein måtte berre plagiera og finna ut korleis det var på eiga hand. Akkordar på sangar måtte ein ta på øyra etter avspelingar, og med tekstar blei det på same måten.

-Etter kvart skjøna eg at gymnaset eg gjekk på og desse andre interessene mine ikkje gjekk i hop. Musikken og skrivinga mi tok så mykje tid at lekser og skule blei forsømd. Så for ei tid slutta eg med å vera elev. Etter ein periode som vokalist i eit rockeband laga eg og ein frå dette bandet ein viseduo som vi hadde gåande nokre år. Dette vart eit vellukka samarbeid, eg skreiv og komponerte, han laga fleirstemte arrangement og la på finurlege akkordar. Vi hadde faste speleoppdrag i Stavanger-området, men ein sommar drog vi også ut i Europa og spelte på gater og torg. Det var interessant og lærerikt på mange måtar. Vi sov for det meste ute i parkar, busskur og under store tre, men også andre plasser. I syd-Tyskland huskar eg vi vakna av skurtreskaren som hausta åkeren vi sov i. Av og til blei vi engasjerte og kunne sova inne. Vi hadde ein jobb i ein ungdomsklubb i Nederland over ei veke der vi sov på loftet og fekk gratis kost og losji pluss ferjebilletten til England for jobben. Vi traff mange rare og spennande menneske på denne reisa.

Skreiv songar

- Heime i Stavanger blei eg spurt  av gruppa Nurk Twins som eg kjende godt om eg ville skriva og komponera ein sang som dei kunne spela inn. Nurk Twins hadde vunne NM i rock, og premien var ei plateinnspeling. Så det gjorde eg, og plata blei spelt inn også. Men nokon kommersiell suksess blei den aldri. Seinare har eg laga tekstar for andre, m.a. gruppa Staccato som var inne på «Norsktoppen» med to av tekstane mine. Eg laga også tekstar til gruppa «Bernhard Jenkins» og dei seinaste åra har eg eit samarbeid med «Tidemanns Group» med bl. a. framføringar under Kapittelfestivalen i Stavanger. Mest spesielt var kanskje det eg gjorde i 1968 då eg skreiv musikk til teaterstykket «Fugleelskerne» av Jens Bjørneboe. Stykket blei sett opp på ein folkehøgskule i Danmark, og Bjørneboe sa at han likte musikken min svært godt. Seinare har andre også tonesett visene i teaterstykket.

- Eg var sjølv elev ved denne internasjonale folkehøgskulen, hadde bruk for ein pust i bakken og tid til å tenka meg om. Eg var nitten år og verda låg open framfor meg. Folkehøgskulen inspirerte meg ytterlegare. Her var både lærarar og medelevar med erfaring og kunnskap som tilførte meg mykje. Vi hadde også skuletur, til Romania! Dette var midt i diktatoren Ceausescu si styringstid. Eg huskar at eg framførte Bob Dylan på gata i Bucuresti, til applaus frå ordenspolitiet, som ville ha meir! Då eg kom tilbake til Stavanger i mai og gjorde det same der, ba politiet meg om å forsvinna. Verda er full av paradoks.

Kristoffer legemleggjer på mange vis myten om 60-tals hippien. Han har vandra barbeint gatelangs i Europa med gitar på ryggen, og han har blitt arrestert for å ha medverka i demonstrasjonar då han var sivilarbeidar og meinte at dei som møtte på sesjon for å avtena verneplikta, hadde rett på informasjon om at det gjekk an å nekta.

Spelar i tre orkester

Musikk, kunst, teater, forfattarskap har vore ein fast del av livsreisa hans, og no har han passert 70 år. Han er framleis svært aktiv, den siste tida med 30-40 konsertar årleg. Han er med i tre forskjellige orkester, no spelar han for det meste bassgitar eller kontrabass. Han bur på Osterøy utanfor Bergen og saman med kona Ruth har han fem døtre. Etter han gifta seg i 1971 gjorde han ferdig artium og gjekk vidare på lærarskule. Så var han lærar i ei årrekke og rektor på ein barneskule i 16 år. Dei siste åra han var yrkesaktiv var han kulturkonsulent i kommunen. 1 2010 var han ansvarleg for oppsetjinga av eit spel om Ole Bull med 150 skodespelarar og musikarar og eit budsjett på 2,5 mill. I 1988 reiste familien til Roma og budde der eit semester, for Kristoffer tok kunsthistorie på det norske instituttet i byen. Seinare har han vore reiseleiar der og i Toscana med mange grupper som vil sjå og læra om kunsten i Roma og Italia. Han har skrive fleire kulturhistoriske bøker og ein mengde artiklar som er publiserte i lokalhistoriske tidsskrift. I 2001 fekk han Osterøy kommune sin kulturpris.