Fulle ferjer, som denne, og bilar som ikkje kjem med, har vore vanleg i store utfartshelger før. Men i år gjekk heimturen fint.

-Eg kan ikkje hugsa at me har fått med alle bilane på kvar avgang ein pinse. Men det fekk me denne gongen, seier kaptein Helge Lunden på MF «Foldøy» til Øyposten.,

Også søsterferja MF «Sjernarøy» melder om det same. Ingen kø av betydning.

-Trafikken har fordelt seg godt heile helga, det er nok noko av forklaringa. Til og med på halv-ti ferja om kvelden 2. pinsedag var det mykje bilar, opplyser Lunden.

I tillegg meiner han at åpninga av Ryfast gjer at mykje av trafikken frå Ombo går den vegen.

-Det brukte alltid vera ein god del overståande bilar frå Ombo til Judaberg. I år var ferja ikkje full ein gong, seier han.