Det blir nå også muleg å pendla internt til og frå jobb i Finnøy og Rennesøy og dra nytte av "Hjem-Jobb-hjem"-ordninga.Foto: Rune Nedrebø

FINNØY/RENNESØY: Det betyr at arbeidstakarar som eksempelvis nyttar kollektive transportmiddel for å koma seg på jobb til bedrifter og føretak med adresse i dei to tidlegare kommunane Finnøy og Rennesøy, også vil dra nytte av denne gunstige ordninga.,Dette bekreftar tidelgare ordførar i Finnøy og nåverande gruppeleiar for Kr.F i Stavanger kommunestyre, Henrik Halleland.,-Finnøy og Rennesøy er nå blitt ein del av sone 1, den same som Stavanger i dag ligg i. Så dersom eksempelvis ei bedrift som har tilhald i Rennesøy eller Finnøy vel å bli med på ordninga, kan ein arbeidstakar i vedkomnde bedrift berre betale 515 kroner i månaden dersom han pendlar kollektivt til og frå arbeidsplassen sin internt i sone 1.  Det betingar då at den same bedrifta/føretaket subsidierer ordninga for kvar tilsette med kr.30,- per månad.,Så dette er verkeleg eit stort gjennomslag og ei svært gunstig ordning for pendlarane. Og dette hadde me nok heller ikkje blitt med på og fått til, om me ikkje nå hadde vore ein del av Nye Stavanger kommune. For her har me verkeleg hatt god drahjelp av politikarane i storkommunen for å bli med på denne ordninga, meiner Halleland.