Leiar i Ombo bondelag, Ann Mari Lindanger, oppretta digital bøsse i samband med årets kreftaskjon.

I samband med saka vår om Krafttak mot kreft som blei publiserti nettavisa 3. mars kom me diverre i skade for å sei at det ikkje finns digitale bøsser i Finnøy, og oppmoda dermed finnøybuen til å gi til Rennesøy si innsamling. Men det er feil. Ombo Bondelag har oppretta digital bøsse.,

- Me gjekk til anskaffing av ei slik bøsse i februar, nettopp med tanke på den pågåande kreftakjonen. Difor håpar me no at alle som vil gi pengar til ei god sak, vil gjera det gjennom vår digitale bøsse, seier leiar i bondelaget, Ann- Mari Lindanger, og minner om vippsnummeret: 491051.

Målet til Lindanger er å inn 5000 kroner til årets kreftaksjon.

- Dette med digitale bøsser er nytt og ukjent for mange. Tidlegare, då me gjekk ifrå dør til dør og samla inn pengar fysisk, fekk me alltid fått inn store beløp. Eg er litt meir bekymra i år, fortel Lindanger.

Øyposten beklager.