FINNØY: -Ved gamle Judaberg kai låg det tett i tett med fjordabåtar, og frå Sandnes blei det sett opp ekstratog til Stavanger for å ta unna trafikken frå alle dei som skulle til Finnøy og Vikekleiva på stevne denne dagen, minnest 87 år gamle Tor Øystein Nærland. Utover på slutten av 1960-talet forsvann denne stevnetradisjonen, som ambulerte mellom Finnøy,Hjelmeland,Jelsa, Nedstrand og Jørpeland.,Sjølv har Tor Øystein, saman med sin kjære Anne Lise, vore så heldig at han fekk byggja seg bustad som nærmaste nabo til den flotte stevneplassen, då han pensjonerte seg og flytta frå garden på Nærland. Området blei nemleg regulert til bustadutbygging rundt tusenårsskifte.,Likevel er det store området med skråningane rundt, enno i all hovudsak urørd. Berre det som i si tid vart regulert til lekeplass er planert ut, og er nå renovert og grusa opp.,-Kanskje kunne me fått litt liv i dette unike og flotte friluftsområde igjen, og late folk flest få bruka det til arrangement ute i det fri, undrast Tor Øystein. Han peikar utover idylliske Nådesundet i bakgrunnen, og fortel at sjølv det frilynte Rogaland Bygdeungdomslag fekk løyve av grunneigar Gunnar Alsvik å halda sitt fylkesårsmøte her ein gong på 1950 talet.,-Ja, dei fekk til og med lov til å arrangera dans, berre det gjekk "sømeleg for seg", humrar Tor Øystein på sin karakteristiske måte. For akkurat det å få løyve til å arrangera dans på Finnøy i den tida,  var på ingen måte noko sjølvsagt ting .I alle fall ikkje av ein i utgangspunktet svært så konservativ misjonsmann som Alsvik, minnest Tor Øystein og dreg på smilebandet att.,

                                                   Ynskjer bord og benker

Nå har Tor Øystein sendt søknad til Stavanger kommune, med håp om å få litt støtte til innkjøp av nokre bord og benker som kan setjast ut i området. -Kanskje kunne me også fått til eit samarbeid med kyrkja eller andre om å arrangera gudstenester eller noko anna ute i friluft her. Og så har me jo Utsyn like her borte, som kanskje også kunne vera med på å få til noko i felleskap. Og så kan dei gjerne by folk på middag og kaffi i tillegg, undrast Tor Øystein. For Tor Øystein har alltid lika å omgås folk og få ting til å skje for at folk skal trivast og ha det fint i lokalmiljøet sitt. Sjølv i ein alder av 87 år.

,-Eg synest denne plassen er  alt for fin til at den ikkje skal bli brukt. Så om me kunne fått til eit litt større arrangement her, så kunne også fleire ha oppdaga plassen og nytta seg av det unike området me har her på Kleiva. Særleg nå som den framstår nyrenovert og området rundt er rydda for busk og kratt. Det er det som er bakgrunnen for at eg tek dette initiativet, avsluttar Tor Øystein. Nå håpar at han at også andre og yngre krefter tenner på ideen hans og at han kan få litt drahjelp til at noko kan skje.Idèen og initiativet er i alle fall sådd.