Av Oddbjørg M. Måland,

FINNØY

: Midt i ei travel førjulstid tok ordførar Kari Nessa Nordtun, næringssjef Anne Woie og kommunikasjonsrådgjevar Thomas Bore Olsen seg tid til å besøkja Øyposten og gi redaksjonen ei lita førjulsgåve med klementiner og sjokolade.,

Dei tre er på ein mini øyaturne for å helsa på i begge dei to kommunedelane, Finnøy og Rennesøy.

Ordføraren hadde alt fått med seg dagens utgåve av bladet før ho kom.

-Øyposten er kjempeviktig for øyane og oss, både når det gjeld nyheter og innspel, seier ordføraren.

Ved sida av å helsa på dei tilsette, og stilla til intervju, blei dei tre orientert om avisa si satsing i Rennesøy, og let seg imponera over god opplagsframgang.

Etter besøket i Øyposten bar det vidare til Kaihuset, Finnøy Blomster, Grieg, Finnøy Betong, Rennesøy Trafikk og butikkane på Askje. Nessa Nordtun lovar også å koma tilbake neste år med eit besøk på «dei ikkje landfaste øyane» når koronaen roar seg.