Dei to artistane skal framføra gamle, klassiske julesongar på moderne vis.,

-Sjølv om omsynet til smittevern berre tillet 30 personar i kyrkja, er me likevel glade for å få moglegheit til å arrangera julekonsert i denne vanskelege tida. Konserten blir kringkasta digitalt slik at alle som vil kan sjå den på skjerm, seier dagleg leiar i Rennesøy og Mosterøy menigheter, Jørn Eric Gabrielsen.

Rennesøy og Mosterøy menigheter har fått pengar ifrå kyrkjerådet og barne-og familiedepartementet til å arrangera konserten i Sørbø kyrkje.