Gravemaskinane har endå ikkje sett grabbane i jorda for gang- og sykkelveg i Viklekleiva.|Finnfast blir snart gratis.

STAVANGER:

Saka om gang- og sykkelvegen frå Fåhadlet til Nådå kjem opp i formannskapet i Stavanger denne veka. I framlegget til vedtak avviser kommunedirektøren forslaget om at Stavanger kommune skal betala for å sleppa å bruka bompengar frå Finnfast på prosjektet.,

Noko av det siste kommunestyra i Finnøy og Rennesøy gjorde var å vedta at Stavanger kommune skulle betala 25 millionar kroner, som var den delen av kostnaden som bompengar frå Finnfast skulle dekka. Totalt var prosjektet i fjor kostnadsrekna til 30 millionar kroner, og nokon ny kalkyle har det ikkje kome etterpå. Av dette skulle fylkeskommunen dekka fem millionar kroner.

Men kommunedirektøren vender tommelen ned for forslaget, og meiner det beste er å fylgja forslaget frå Statens vegvensen om 25 millionar kroner frå Finnfast-bommen og fem millionar frå fylket for at spaden raskt kan bli sett i jorda og bygginga begynt. I fjor haust rekna vegvesenet ut at det ville betydd åtte månader ekstra med bopmpengar i Finnfast. Heller ikkje her ligg det føre nye kalkylar nå.

"Kommunedirektøren meiner at Statens vegvesen har gjort ein god analyse. Tidlegare Finnøy og Rennesøy kommune sine vedtak om delfinansiering av 25 mill. 2019-kroner gjennom kommunalt budsjett 2021 er ikkje mogleg i den finansielle situasjonen kommunen er i no. Dermed framstår delfinansiering av utbygging av Fv519 Judaberg-Nådå med bompengar frå den eksisterande bompengeordninga for prosjektet Finnfast med tilknyting til Talgje, som skissert i Statens vegvesen sitt faglege grunnlag som det beste alternativet", skriv kommunedirektøren.

Høyre, KrF og Venstre gjekk nyleg ut med forslag om at Stavanger kommune forskotterer heile prosjektet, for å få prosjektet raskt i gang. Tanken er at kommunen i såfall vil få pengane tilbake frå fylket og bompengar i Finnfast, når Stortinget har sagt ja til å forlenga bompengeinnkrevinga så lenge som trengst for å få gang- og sykkelvegen bygd. Dei tre partia har varsla at forslaget vil bli fremma i formannskapet denne veka.