FINNØY:

Dette var hovudbodskapen i dei svara 9. klasse kom med, då Stavanger kommune og det lokale kommunedelsutvalget inviterte 9. og 10. klasse ved Finnøy sentralskule til  samtalemeny rundt det såkalla distriktsdemografiutvalget si innstilling om forslag til korleis ein skal få folk/ungdom  til å busetja seg i distrikta også i framtida.,

Det er kjekkare å bu på Fogn enn i byen. Men forholda må leggjast til rette for det, meinte Benjamin Rolfsen. Foto: Jon Asgaut Flesjå

Måndag føremiddag var dei samla på Innbyggjartorget for å koma opp med gode forslag og synspunkt kring temaer som rapporten gir framlegg om;

-Gratis barnehage og SFO i distrikta,-Begrensa førarkort for 16-aringar i distrikta.,-Skattefritak for å stimulera utleigebustader,-Saneringsstøtte for å motverka forslumming,-Fleire desentraliserte einingar i statlege verksemder

Førarkort for 16-åringar

Og det var klare og vel dedikerte og reflektere svar 14-15 åringane kom opp med. Der både forslaget om gratis SFO, og forslaget om begrensa førarkort for 16- åringar blei teken godt imot av tenåringane.

-Når du eksempelvis bur langt inne på Ombo eller på Fogn, og det korkje er buss eller taxi, vil dette vera ei flott ordning, meinte arbeidsgruppa som fognbuen Benjamin Rolfsen representerte.

-Då har me mulegheiter til å ta oss raskt fram til kaien der båten og ferja går frå, og til å oppsøkja venner og delta på ulike aktivitetar, meinte Benjamin.

Bård Astad tv, Leon Lewis Østlund og Linn Handeland hadde også meiningar om Normann-utvalget si innstilling om kva som skal til for å styrkja busetnaden i distrikta.Foto: Jon Asgaut Flesjå

-For det er kjekkare å bu her enn i byen, meinte Rolfsen. Han blei også invitert av leiar i kommunedelsutvalget, Birger Hetland, til å vera ungdommen sin talsmann når heile Normann-utvalget si innstyilling skal opp i neste møte i utvalget, den 25. februar.

  Fortetting på Judaberg

Gruppa som Bård Erik Astad representerte, var også oppteken av tilrettelegging av lokale arbeidsplassar og gode vilkår for pendling med både båt og bil.

-Me må vera forsiktige slik at me ikkje byggjer ut for mykje her på Finnøy, men heller går for ei fortetting av bustader i Judaberg sentrum, poengterte Astad. Han fekk også støtte av Henriette Austbø, som meinte at me måtte ta vare på den vakre naturen som me omgir oss med. I tillegg etterlyste ho og arbeidsgruppa eit utvida "Take Away" tilbod.

https://www.oyposten.no/2020/12/23/oyapolitikar-stottar-ei-trinnvis-utbygging-av-oyfast/

Fleire var også innom dei mulegheitene som låg i ei fastlandstilknyting gjennom Øyfast og ei lengre opningstid i SFO og barnehage for småbarnsforeldre  som har lang reisetid til og frå arbeid.

-I tillegg må det vera billeg å pendla, og ei saneringsstøtte av gamle bygg for å hindra forsøpling av øyane våre, er også eit godt forslag, meinte Magnus Rødne frå Sjernarøy.

-Me kan godt tenkja oss å bu på Finnøy også når me er ferdig med utdanninga, om forholda blir lagt til rette for det, seier Bård Erik Astad og Linn Handeland på spørsmål frå Øyposten. Sjølv har Linn eit ønskje om å utdanna seg til ein jobb som gjer henne kvalifisert til arbeid i olje- og gassnæringa, medan Bård Erik har ein draum om å jobba ein jobb innan skipsfart, og gjerne då ved å segla ute på dei store verdenshava.

-Men det er viktig at me har ein lett tilgang til byen slik at me kan bruka den, poengterer dei begge to.