RENNESØY:

Harald har rundt 150 mål med edelgran av ypparste slag, Normannsedelgran med opphav ifrå Georgia. Trea sel han over heile landet gjennom Norsk Juletreservice, i tillegg til ein del heimesal på garden. På denne tida har han hjelp av tre sesongtilsette som er med å ta unna toppane,

- Dette er sjølvsagt ei svært travel tid, men ei veldig kjekk. Det kjekkaste er når privatpersonar og barnehagar kjem her og går rundt i juletreskogen på jakt etter det perfekte juletreet. Mange av dei same kundane kjem år etter år, og veit akkurat kva for type tre dei vil ha. I helgene gjer me litt ekstra for kundane og byr på saft, peparkaker og kaffi i redskapshuset. Her er det og sal av kransar og anna julepynt som er laga på garden, seier Fauskanger.

Andre generasjon

Far til Harald, Jens, planta dei fyrste juletrea i 2000 og fekk då omdisponert 40 mål til juletreproduksjon. Då Harald tok over garden i 2001, bestemte han seg for å behalda jobben i oljå, trappa ned dyrehaldet og satsa på juletreproduksjon. Ifrå 2011 ble heile garden med unntak av 30 mål beite som er forpakta vekk, omdisponert til juletreproduksjon.

- Eg byrja med å søka Inovasjon Norge om tilskott til å auka juletre-arealet ifrå 40 mål til det eg har i dag, rundt 150 mål. Gjennom ein treårsperiode fekk eg midlar til å setta i gang, og i løpet av denne denne perioden planta eg 25 000 tre per år. Og det er det omtrent same som eg har i dag, rundt 75 000 juletre. Det tek normalt mellom 7 og 10 år ifrå juletrea vert planta til dei er klare til bruk.

- Kva har vore den største utfordringa gjennom desse 10 åra?

- Det er konkurransen ifrå plasttrea. Sjølv om juletreet framleis er ein viktig del av julehøgtida, har plasttrea blitt ein stadig større del av den. Heldigvis held dei fleste ennå på tradisjonen og vil ha ekte og kortreiste juletre. Det er noko heilt spesielt med lukta av granbar og kvae. Me kjenner marknaden godt og har faste kundar som kjøper juletre av oss kvart år. Alle trea vert hogde etter kvart som me leverer, eller når folk kjem her og vel seg ut tre.

Juletre er mote

Juletreet er eit av julas viktigaste symbol som dei aller fleste har eit forhold til. Frå å vera eit kristen symbol på livets tre i paradisets hage, har juletreet gjennom mange utvikla seg bli å bli eit reint dekorasjonstre.

- Korleis har du opplevd juletre-utviklinga?

- Det er igjen plasttrea som har komme for fullt. Dei store kjedene har og kasta seg inn i juletremarknaden som igjen fører til auka press på prisane. Elles trur eg vel det er med juletrea som med alt anna, smak og behag kan ikkje diskuterast og vil alltid variera. Men eg meiner ingenting kan måla seg med eit ekte juletre. Dei siste åra har me rett nok sett ein tendens til at folk vil ha smalare tre, noko som betyr ekstra arbeid for oss i form av klipping og forming. Det har vel med at mange bur i leilegheiter og har generelt mindre plass. Dei som har moderne hus med store vindauge og høgt under taket, vil ha store tre. Men om det er ein spesiell trend veit eg ikkje, kanskje det gjer seg større utslag i sjølve pyntinga av treet.

Vatna godt

- Har du eit godt tips til behandling av juletreet?

- Det viktigaste er å syta for at treet får nok vatn, sjekk gjerne kvar dag. Viss treet fyrst har tørka ut, er det vanskeleg å få det til å «drikka» igjen. Elles bør ein passa på at det ikkje står i direkte varm luft ifrå varmepumpa eller andre varmekjelder. Me desse enkle grepa vil juletreet stå fint heile jula, og du vil sleppa å sopa det ut. Edelgran held også normalt mykje lenger på nålene enn vanleg norsk gran.

Omgitt av juletre på alle kantar har familien Sørestrand Steinskog frå Eltarvåg stoppa opp ved eit vakkert lite tre. Ronja og veslesøster Eiril prøver ut korleis det er å gå rundt treet medan dei syng og ler.

- Verkar det?

- Ja, dette treet er så fint, kan me kjøpa det mor, ber Ronja.

Mor, Signe Lill Steinskog let seg overtala, og ikkje lenge etter har far Bjørge Sørestrand Larsen festa namnelappen i toppen. Treet er sikra.

- Dette var fort gjort. Treet er det fyrste og einaste me har sett på, men det er fint på forma og passe stort så då blir det slik. Eigentleg ville jentene ha eit tre som er større enn far, men det er nok gløymt no, smiler Signe Lill. Familien på fire har nettopp flytta til Rennesøy ifrå Bergen og gler seg til å feira jul på ny stad og samtidig komma nærmare familien.

- Å gi kundane ei god oppleving i juletreskogen er like kjekt kvar gong, avsluttar Harald Fauskanger.