Magnus Hebnes tv. og far Magne Hebnes har nyleg bygd nytt storfjøs med robot mjølkemaskin.

Det er mjølkesamvirket TINE som opplyser dette alt nå for å førebu mjølkebøndene på denne nye situasjonen.Etter at produsentane på denne tida i fjor fekk melding om at produksjonen måtte reduserast kraftig, har det meste blitt snudd på hovudet etter at koronapandemien slo inn med full tyngde i vår.,

Det har resultert i at det såkalla forholdstalet er justert opp to gonger i løpet av inneverande år, og bøndene har fått anledning til å produsera meir mjølk.

-Til tross for ein alvorleg situasjon for heile verda, så er det lov til å gleda seg over forbrukerane i større grad ser mot dei norske,sunne og gode meieriprodukta.-Eg er difor spent på om dette er vanar som vil halda fram etter pandemien, seier styreleiar Marit Haugen i TINE til  Bondebladet.Ho rosar også sine yrkeskollegaer, som på ein slik rask og effektiv måte har klart å snu seg rundt og oppfylle det viktige samfunnsoppdraget dei har;Nemleg å forsyne den norske marknaden med meieriprodukter.