Espen Havn vil utvida båtlageret sitt på Bjergøy i Sjernarøy.

Forvaltningsstyret har dei 2 siste åra saman med administrasjonen vore gjennom ei lang og tung prosess i utarbeiding av ny kommuneplan. Mellom alle tema ein slik plan skal innehalda har tema om å oppretthalda busetnaden på dei ikkje landfaste øyane vore særs viktig. Under arbeidet har me konstatert at landbruket som tradisjonell leveveg stadig betyr mindre for folks inntekt. Som eit av verkemidla har planen difor m.a. sagt noko om tilleggsnæring til landbruket.,

Vedlagt eit utsnitt frå kommuneplanen:

3.19 Føresegner og retningslinjer for LNF-område med busettingsomsyn (pbl § 11-11)

Føresegner:

Busettingsomsyn er definert i planomtalen til kommuneplanen og omfattar dei ikkje landfaste øyane Fogn, Halsnøy, Ombo, Sjernarøyane og Fisterøyane. , Søknad om frådeling av tomt og oppføring av bustad i LNF- område skal handsamast som dispensasjonssøknad. Busetjingsomsyn skal vera tungtvegande i dispensasjonsvurderinga. , Busettingsomsynet skal vere tungtvegande i søknadar og dispensasjonssøknadar om tilleggsnæring på gardsbruk.

Forvaltningstyret sitt vedtak er difor tufta på føresegner i den nye kommuneplanen som tek til å gjelda frå 01.01.2020

Vil også vise til retningslinjer for spredd næring i område med busettingsomsyn som sier at” i dispensasjons vurderinger og søknader om næring/tilleggsnæring skal det leggas vekt på følgende:

At

etablering av næring ikkje fører til vesentlege ulemper for landbruksdrift

  • At tiltak og tilkomstveg ikkje krev omdisponering av dyrka eller dyrkbar jord

  • at plasseringa er hensiktsmessig i forhold til eksisterande vegstruktur og bygningar

  • at tiltak ikkje kjem i konflikt med natur, friluftsliv, vassdrag/bekkeløp, kulturminne, kulturmiljø og biologisk mangfald

  • at tiltak ikkje ligg i eit område der det er fare for skred, flaum, eller andre forhold som kan føre til svekking av folkehelsa, og at trafikktryggleiken er tilfredsstillande

  • I 100-metersbelte langs sjøen er det byggeforbod. Dispensasjon for etablering av næring her kan vurderast dersom det ligg i tilknyting til eksisterande næring og/eller teknisk infrastruktur.

  • Større tiltak eller tiltak der verknadar for omgivnadane er omfattande eller usikre krev regulering. (Pbl §12-1 3. ledd)

Det aktuelle gardsbruket er i dette tilfelle lite og normalt vil eit bruk på ein slik storleik ikkje kunne gi levebrød for ein familie. Det er positivt at brukar i dette tilfelle har klart å skape meirinntekt på bruket og ynskjer å utvide denne aktiviteten ved å ta i bruk eksisterande bygningar som elles ville stå

tomme. Opplag av småbåtar vil etter mi oppfatning ikkje ha negative innverknad på

landbruksdrifta, tvert imot så er tilleggsnæringa med på å sikre inntektsgrunnlaget og

såleis hindre at fleire gardsbruk vart fråflytta, lagt ned og gror igjen.

Dette er ein familie som tek samfunnsansvar og er i ferd med å skapa seg eit levebrød og som me alle burde vera med på å heie fram. Dersom prosjektet skal lukkas må han investere og difor gis både forutsigbarhet og langsiktighet.

DET ER DET DENNE SAKA DREIER SEG OM!

Eit godt samarbeidsklima skal me leggja vind på. Me må likevel kunna ha ein fri meiningsutveksling og ikkje vera så redd motsetningar at det går ut over våre sambygdingar. Det er dei som har valt oss og som stoler på at me fører deira sak og som framleis trur at me har eit lokaldemokrati.

Olav Halsne