Har du nokon gang lurt på om han kjekkasen framføre deg i køen er singel, eller om den snertne dama i frukta er på utkikk etter kjæraste? No kan du få svar, utan å spør.,

Coop Extra på Judaberg har fått nye handlekorger, for spesielt interesserte, det vil sei for single. Så viss du ser han kjekke frå køen med grå handlekorg, veit du svaret, med mindre han har teke feil korg, det kan sjølvsagt tenkast. Men moglegheitene er store for at alle som vel seg ei grå handlekorg med raudt hjarteforma klistermerke, er ledige.

På andre sida må ein som er godt gift vakta seg vel for ikkje å ta feil korg i forbifarten, då kan ein lett hamna i trøbbel.

,-

Er Coop i ferd med å bli ein ny Tinder?

- Ha ha… Det fyrste som slo meg var Turistforeininga sin gimmick med raude og grøne huer, det blir jo det same her. Dette er kanskje ein meir aktuell problemstilling i større byar, eg veit ikkje. Men skulle det no oppstå søt musikk mellom reolane her i butikken, ja så er jo det berre kjekt, seier dagleg leiar Svein Inge Goa.