Og det som har blitt den store årlege løpsfesten for barn under 10 år på Finnøy, såg lenge ut til å regna bort like før startskotet skulle gå kl.13.00. Men også her må den dyktige arrangøren hatt høgare makter med seg; For då speaker ,Tor Øyvind Skeiseid nokre minuttar forseinka rett nok, endeleg fekk deltakarane ut av påmeldingsteltet og opp til startstreken , stoppa plutseleg både dei uvanleg kraftige regnbyene opp ,og sola trengte plutseleg gjennom det tidlegare så tunge skylaget. Ut av startstreken sprinta heile 127 barn, nokre også med ein morfar eller farfar å halda i handa.,

Ein av dei som IKKJE hadde behov for ei hand å halda i var friskusen, 6 år gamle Matheo Eike frå Halsnøy.I fin stil , men sjølvsagt også veldig sliten,kryssa han mållinja etter å ha tilbakelagt 600 meter gjennom Judaberg sentrum.

-Var det veldig tungt,Matheo,prøver me oss?

-Ikkje noko spesielt, for eg lika å springa, svarar 6-åringen kjapt.

-Og nå skal han øyeblikk både byrja å spela fotball, og denne veka byrja han også på skulen, er pappa Anders rask med å leggja til.

-Ja, er det slik at det er kjekkare å spela fotball enn å springa, prøver me oss igjen?

-Nei, for eg likar å springa.Men du veit jo vel det ,at når eg spelar fotball så må eg også springa veldig mykje, slår Matheo klart og tydeleg fast.-Og så spring eg mykje heime på plenen også, legg han til.