Opprykket til 5. divisjon er sjølvsagt god motivasjon, men Flesjå-Johansen har fleire grunnar:

- Det er ute på treningsfeltet eg trivst best og eg meiner me har fått til noko bra med denne gjengen. Me har ein spelestil, me har individuelle kvalitetar eit godt støtteapparat og me er godt i gang med å bygga eit LAG. Eg synest det er gøy å vera med på dette, så eg vil seia ja om eg blir spurt.

Leiar i Finnøy IL, Bendik Heggelund, kommenterer trenarsituasjonen slik:

- Me har ein avtale med Erik om denne sesongen, og ynskjer at han er trenar også neste sesong, utan at me har snakka om det.

Heggelund trur nye motstandarar vil gi ny motivasjon.

- Me har ikkje hatt opprykk til 5. divisjon som noko mål i år, men det er sjølvsagt kjekt når det skjer. Eg trur det kan vera fint for oss å få spela mot andre lokale lag, til dømes lokaloppgjer mot Mastra om dei held seg, seier Heggelund, som også er spelar på A-laget.

- Gir opprykket konsekvensar for økonomien i klubben?

- Nei, det trur eg ikkje. Det er jo lokale lag i 5. divisjon også, så eg reknar ikkje med det blir noko dyrare.

- Kva med spelarstallen?

- Det er litt tidleg å seie. Ein kar som Trond Kristensen har signalisert at dette er siste sesong, men elles veit eg ikkje om andre som gir seg. Eg reknar med at Ruben Eggebø, som har vore skada i heile haust, kjem tilbake – og kanskje også Ianis Kovacs, som no bur i Stavanger.

- Og du fortsett?

- Det har eg ikkje ofra ein tanke.

PS! Etter det Øyposten veit vurderer Fogn sin Martin Østhus å spela for Finnøy neste sesong.