Dette gjekk skeisen for øyane:

Fritak for eigedomsskatt for Rennesøy og deler av Finnøy.

Pengar frå kommunekassen til gang- og sykkelvegen i Vikekleiva

Øyremerkling av 50 prosent av havbruksfondet til Øyfast.

Dagny Sunnanå Hausken (sp):

- Eg syns me har fått til så mykje som me kunne forventa. Finnøy og Rennesøy er trass alt to kommunedeler på linje med dei andre bydelene i Stavanger. Øyfast er ei tung sak å vinna støtte for, og havbruksmidlane er pengar som skal tilhøyra heile kommunen. Men fleire parti har programfesta Øyfast, og me har klart å halda tråden i saka som nå er overspelt til fylket.

Eigedomsskatten viste det seg vanskeleg å få til, slik intensjonsavtalen seier, og gang- og sykkelvegen kom som ei stor overrasking på meg. Det trudde eg var i boks slik Finnøy hadde vedteke tidlegare,  seier Sunnanå Hausken.

Ottar Sandanger (ap):,

-Det er ein del negativt å høyra om den nye kommunen nå. Ja, kva sa me, seier noko nokon. Men den nye kommunen er ikkje komen i gang endå.

Eg har aldri trudd at alt ville bli gull og grøne skogar i nye Stavanger, men eg er fortsatt optimist. Det er meir framtidsretta for Finnøy å vera med i ein stor kommune, og me må jobba for at fleire blir med. Eg tippar at Strand blir den første som bankar på døra til Stavanger.

Men Finnøy og Rennesøy kan ikkje forventa å få meir fokus enn bydelar i Stavanger som Eiganes og Hinna, seier Ottar Sandanger (ap).

Henrik Halleland (krf):,

-Mykje er bra i den nye kommunen. Finnøy-buen blir tilgodesett med lågare avgifter, og det blir meir kopmpetanse i administrasjonen.  Eg er uroleg for at mykje av det som blei lova før samanslåinga ikkje gjeld lenger. Innføring av eigedomsskatt i heile kommunen er eit eksempel. Det har også vore motbør for Øyfast.

Stavanger må sikra dei mange øyane utan vegsamband, men Frode Myrhol er nok til å skræma oss plukkande av.

Eg trur likevel me skal klara å hevda oss i den nye kommunen. Men det krev samarbeid på tvers av partigrenser, seier Henrik Halleland (krf).

Birger Hetland (sp):,

-Den politiske kvardagen i nye Stavanger har vore akkurat som ein berg- og dalbane. Nokon gonger er det kjempegreit, andre gonger er det ikkje det. Men eg tykkjer likevel me alt har oppnådd mykje for Finnøy sin del.

Det kjem til å drypa ikkje så lite på infrastrukturen i øyane. Men me kunne alltid ønskja oss meir.

Eg var mange gonger i tvil om det var rett av Finnøy å gå inn i Stavanger, men landa til slutt på eit ja. Det står eg på fortsatt, me må sjå dette i eit langsiktig perspektiv, seier Birger Hetland (sp).

Nils Petter Flesjå (h):,

-Det er litt tidleg å gjera opp status for korleis det har gått for Finnøy og Rennesøy i den nye kommunen, dette må gå seg til først, trur eg. Men me blir nok fort små i den store samanheng, det må me bare innsjå. Dessutan verkar det meir tungrodd i ein stor kommune enn i litle og oversiktlege Finnøy.

Eg var for at Finnøy skulle gå inn i Stavanger, og har ikkje skifta syn på det. Eg trur ikkje Finnøy kunne halde fram som liten kommune i lengda.  Og når me ser på skulane våre, sjukeheimen og kommunale avgifter har me mykje å vera nøgde med, seier Nils Petter Flesjå (h).

Rune Nedrebø