Finnøy vann 3-2 i ein tett og tøff bortekamp mot Kvitsøy lørdag ettermiddag. Foto: Jon Asgaut Flesjå

FINNØY: Det var ei flott ramme rundt kampen, med både godt publikumsoppmøte i eit nydeleg haustvær, då Kvitsøy tok imot sine rivalar frå Finnøy til eit godt gamaldags øyaoppgjerd i 5. divisjon. Denne gongen var også den ofte så blaute og ujamne grasmatta ute i havgapet, bytta ut med ei flunkande ny og imponerande kunstgrasmatte som nyleg er teken i bruk. Men bortelaget var likevel ubeskjedne nok til raskt å ta initiativet i kampen, og pressa laget over på eigen banehalvdel alt i oningsminutta. I det 15. minutt var Jakob Steinnes på rett plass, og sette ballen kontant i mål frå kort hald etter eit innlegg frå venstre som skifta retning. Berre 14 minuttar seinare var igjen Steinnes på rett plass, då han sette inn ein retur frå keeper. Finnøy held fram med å kjøyra over heimelaget, som knapt skapte ein einaste målsjanse i løpet av 1. omgang. Det var difor fullt fortent då Flaviou Mihet stod for kampens store prestajon, då han på heil volley frå hjørne utanfor sekstemeteren banka inn Finnøy sitt tredje for dagen heilt nede i motsatt hjørne. Då viste det nye digitale kampuret 41spelte minuttar og 3-0 til bortelaget. Eit resultat som stod seg fram til halvtid, men som lett kunne kunne ha vore både eitt og to mål større til bortelaget.,

Snudde totalt og skapte spenning i kampen

Men kampbilde skulle endra fullstendig karakter etter kvilen. For det var nemleg eit heilt anna kvitsøylag som entra banen etter pause. Nå var det heimelaget som raskt tok initiativet i kampen, og pressa Finnøy over på defensiven. Eit bortelaget som akkurat då hadde meir enn nok med å forsvara seg . Det var difor fortent då laget reduserte til 1-3 etter mangelfull klarering i finnøyforsvaret i det 54. min. Dette ga heimelaget ny inspirasjon, og Finnøy mista heilt taket på midtbanen og spela seg berre sporadisk fram til nokre få halvsjansar. I det 66. minutt blei det så på ny spenning i kampen, då midtspiss Marius Helgeland Ydstebø reduserte til 2-3.

Kvitsøy som stod med null poeng etter sine tre første kampar, kjempa heroisk for utlikning og sine første poeng i årets serie. Men finnøyforsvaret, med stopparbautaen og kaptein Anders Eike reid stormen av, og jubelen var stor mellom finnøyspelarane då dommaren i det 95. minutt bles i fløyta og dei kunne innkassera sin tredje siger i årets serie. Kampen sett under eitt var nok det også fullt fortent, men heimelaget sin heroiske innsats og betydeleg spelovertak i 2. omgang kunne lett ført til at Kvitsøy hadde teke sine første poeng i årets serie.

-Imponert over tenåringane

Det var ein svært letta assistentrenar Sturle Guttormsen, som etter kampslutt kunne konstatera at Finnøy hadde klart å reist seg etter det skuffande tapet heime mot Pardis i forrige seriekamp.

-Me visste at dette ville bli eit tøfft lokaloppgjerd borte mot eit lag som er i desperat poengnaud. Difor er eg også svært tilfreds med at me stod kampen ut, og la ned ein stor innsats for å få med oss alle poenga heim. Men eg meiner også at det var fortent, etter ein 1. omgang der me valgte å stå veldig høgt med laget. Det føler eg at me lukkast veldig godt med. Og med handa på hjarta, meiner eg at me faktisk burde ha leia med både fire og fem mål etter 1. omgangen.Så suverene var me, konstaterer Guttormsen.

-Er det spesielle forhold under kampen, nå like etter kampslutt, som du vil framheva?

-

Det må bli dei to 15 åringane, fognbuen Josef Bø og talgjebuen Mathias Nøkling Gard, som spela heile kampen, og som igjen viste prov på sine store talent. Eg er imponert over kor raskt dei har teke nivået i sin første sesong i seniorfotballen , avsluttar ein tilfreds finnøytrenar.,

Dermed klatra også Finnøy opp til 3. plass på tabellen med sine 9 poeng etter 4 spelte kampar. Då bak Midtbygdene og Mastra som toppar tabellen med 10 poeng. Neste kamp for Finnøy er heime mot Vardeneset 2. Eit lag som Mastra spela uavgjort 2-2 mot heime på Vikevåg på valgdagen seint måndag kveld.