Framme i Stavanger

Klokka fem i ettermiddag klappa MF «Hidle» til kai i Stavanger.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
MF «Hidle» ved ankomst til Stavanger. Planen var at denne eller søsterferja "Ombo" skulle byggjast om til hydrogendrift.

STAVANGER: -Det er godt å vera heime igjen, seier kaptein Helge Lunden til Øyposten.,

Lunden har vore med heile turen frå Tyrkia, ein tur som varte mykje lenger enn rekna med på grunn av værforholda under vegs.

Men i går ettermiddag kunne ferja ta ombord los vest av Jæren, og sigla inn Byfjorden. Der fekk ho hjelp av slepebåten «Bryteren» frå selskapet Bukser & Berging for å manøvrera inn til kai.

Nå skal den nye ferja vidare til Westcon i Ølen for modifisering, før ho blir sett inn i Finnøysambandet seinare i haust.