Det nye er at første ferja til Fogn frå Judaberg startar opp alt kl.05.45 om morgonen på kvardagar,og 08.00 på søndagar.På kvelden vil siste ferge til Fogn frå Judaberg gå 00.10 på kvardagar.På laurdagar vil avgangen være 15 minuttar seinare .Det betyr at fognbuen no kan ta siste ferja heim frå Judaberg på laurdagskvelden 25 minuttar etter midnatt,kl.00.25,medan reisande nordover mot Halsnøy-Ombo-Sjernarøy,må vera betydeleg tidlegare ute om dei ynskjer å ta seg ein tur til Finnøy eller på byen ein laurdagskveld.Då må dei nemleg ta sikte på å nå siste ferja heim kl.23.45 .Det er altså i hovudsak det søre sambandet mot Fogn som vil nyte godt av den utvida opningstida,slik me tolkar dei nye fergerutene.

Det har i lengre tid vore knyta stor spenning til om fergene skulle slutte å anløpe Nedstrand-Foldøy-Hebnes -Jelsa,slik føringane frå fylkeskommunen var etter opninga av Sandefjord Bru i januar 2016.Dette blir det altså ikkje noko av dei to første åra.