Martha Rødde er valgansvarleg i Stavanger kommune. |Vallokalet på FInnøy er i fleirbrukshallen, men mange har alt stemt.

FINNØY:

782 av dei 1509 røysteføre på Finnøy, Talgje, Byre og Sør-Bokn har benytta muligheten til å stemma på forhånd, noko som utgjer nesten 52 prosent av dei som har anledning til å stemma i årets val.,

-Det er eit strålande resultat, og noko me er veldig fornøyd med. Det er tydeleg at veljarane har tatt oppfordinga om å forhåndsstemma til følge, pluss at vallokala har vore lett tilgjengeleg, seier Matha Rødde, valansvarlig i Stavanger kommune til Øyposten.

-Kan det bli rekorddeltaking i årets val?

-Det får me ikkje svar på før klokka 21 i kveld, når vallokalet stengjer. Men det blir spennande å sjå, seier Rødde.

Vallokalet på FInnøy er i fleirbrukshallen, men mange har alt stemt. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

I går, søndag, som var første ordinære valdagen, var det 174 innom vallokalet. Det betyr at per søndag var det 63 prosent av finnøy- og talgjebuane pluss røysteføre på Byre og Bokn som hadde stemt.

For Stavanger kommune sett under eitt låg valdeltakinga ved sist val på 78 prosent.

I Rennesøy har vel 40 prosent forhånsstemt, og nokon lunde det same i Mosterøy valkrins. I Rennesøy er det 1825 røysteføre, mens det er 1686 i Mosterøy.

I tillegg til vallokalet på Finnøy, er det også åpne vallokaler på Fogn, på Ombo og på Sjernarøy. På Fogn er det 226 røysteføre, og 64 av desse har røsta på forhånd. På Ombo er det 175 røysteføre, og her har 35 avgitt stemme på forhånd mens det på Sjernarøy er 231 som har anledning til å stemma, og 66 av desse har stemt på forhånd.