Modellen av Helgøy bru: Dei 17 pelane er fordelt i fem pelegrupper i fem aksar. Avstanden mellom aksane er ca. 47 meter (spennvidde). Lengda på pelane varierer frå 11,1 meter til 44,2 meter alt etter avstand til sjøbotnen. |Ein lekter med pelerigg blir brukt i fundamenteringarbeidet

STAVANGER:

Frå måndag blir Helgøysundet stengt i eit år framover. Då går arbeidet med brua inn i ein ny fase.,

-Då begynner arbeidet med å få på plass fundamenta til brua i sjøen, opplyser prosjektleiar Åsbjørn Søyland i Rogaland fylkeskommune til Øyposten.

Det arbeidet bestå i at stor stålrøyr skal setjast på fast grunn og fyllast med armering og betong. Etterpå skal bruspennet, som blir støypt på Fiskå, heisast på plass. Arbeidet med vegen på Mosnes-sida er ferdig, og har fått den første av to omgangar med asfalt. Den neste kjem når brua er ferdig.

Ein lekter med pelerigg blir brukt i fundamenteringarbeidet Foto: FOTO: Rogaland fylkeskommune

Også vegen på Helgøy-sida er i ferd med å bli ferdig, mens det akkturat nå¨pågår arbeid med det eine brukaret på Mosnes-sida. Landkaret på Helgøy er ferdig.

Sjølv om brua vil bety at sundet vil bli stengt permanent for større båtar, vil det med ei siglingshøgde på seks meter fortsatt vera mulig å passera med mindre båtar.Ifølge Åsbjørn Søyland  ligg arbeidet godt an. Planen er å åpna brua i april neste år, men Søyland utelukkar ikkje at det kan bli åpning alt i mars.

-Det er for tidleg å fastslå det ennå, men også entreprenøren er innstilt på åpning så snart arbeidet er ferdig, seier Søyland, som kan fortelja om god stemning og mange som fylgjer interessert med på arbeidet.

-Det er ein veldig kjekk jobb, seier Åsbjørn Søyland.

Og Kristen Helgøy på Helgøy kan skriva under på at folk på Helgøy gledar seg til åpninga.

-Det er ein draum som er i ferd med å gå i oppfyllelse, seier Kristen Helgøy på Helgøy.

-Det er eit år til åpninga, men ser me eit år tilbake er det ikkje lang tid. Det er ikkje lenge før me er i land, seier han.

  • Helgøy bru blir 270 meter lang og fire meter brei. Totalt er prosjektet 1880 meter vei med eit kjørefelt og møteplassar.

  • Kostnadsramma er 72 millionar kroner.

  • Hovedentreprenør er Vassbakk & Stol, mens Skanska prosjekterer og bygger brua over Helgøysundet.