Kommunedelsleiarar føler seg forbigått i saksbehandling

Heile sju av ni kommunedelsleiarar har signert eit opprop som kritiserer saksgangen rundt den politiske behandlinga av arealplanen i Stavanger kommune.

Leiar for Finnøy kommunedelsutval, Birger W. Hetland (Sp) .|Leiar i Rennesøy kommunedelsutval, Terje Øvrebø, deler bekymringane til Birger Hetland.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

STAVANGER:

Kommunedelsleiarane sendte inn oppropet i forbindelse med at dei føler seg forbigått, seinast i forbindelse med behandlinga av den kommunale arealplanen.,

– Skal kommunedelsutvala berre strø sukker over ein ferdig tygd arealplan? spør leiar for Finnøy kommunedelsutval, Birger Wikre Hetland (Sp), som tok iniativ til oppropet.

Med seg på laget har han blant anna Rennesøyleiar Terje Øvrebø (H), samt leiarane for kommunedelsutvala i Tasta, Madla og Kvernavik, Storhaug, Hillevåg og Eiganes/ Våland.

Ba om utsettelse

Oppropet blei blant anna sendt til Utvalet for By- og samfunnsutvikling (UBS), og administrasjonen.

Årsaka til at dei no kjem med kritikk er at saka for grovsortering av arealinnspel, blei sendt rett til UBS, og skal etter planen behandlast i dag klokka 15.

Fleire av innspela omhandler områder som kommunedelsleiarane meinar kunne vore relevant for dei, men saka var likevel ikkje inne til behandling hos dei. Kritikken går også generelt på kor lite utvala blir brukt til viktige saker, ifølge finnøyleiar Birger W. Hetland.

– Førre kommunedelsmøte hadde me eit meir eller mindre tomt sakskart, sjølv om denne saka allerede var ferdig skriven av administrasjonen og kunne vore på sakskartet, seier Hetland.

I e-posten ba dei om at behandlinga av nemnte sak blei utsett, slik at den kunne bli behandla i  kommunedelsutvala først. I utgangspunktet skal dei ha fått signal om at det ville bli utsett, for å vurdera forespurnaden deira, men i dag var plutseleg saka på planen likevel.

– Det blei kommunisert av ordfører Kari Nessa Nordtun til FrP på mandag etter kommunestyremøtet, at saka skulle utsettast, for ei vurdering om det skulle opp i kommunedelsutvala først, seier Hetland til Øyposten.

 Leiar i Rennesøy kommunedelsutval, Terje Øvrebø, deler bekymringane til Birger Hetland.

Føler seg forbigått

Kommunale plansaker, og enkeltsaker med vesentleg utvikling og stedsutvikling, skal kommunedelsutvala spesielt ha litt å sei i, meiner han.

– I starten av desember har alle kommunedelsutvala møter. Det vil sei at det berre hadde blitt maks ein månad forsinka, viss det blei lagt over til oss no. Me meiner det er heilt vesentleg, og med fristen gitt av administrasjonen, ser eg ingen grunn til at ei behandling hos oss skulle forkludre prosessen, seier han.

Han får støtte av leiar for Rennesøy kommunedelsutval, Terje Øvbrebø, som seier dei ofte føler seg forbigått.

– Eg synest det er trist at me ikkje blir høyrd, spesielt i ein såpass viktig sak. Her har me ikkje eingong vore klar over at me blir forbigått, før det plutseleg var for «seint». Då me tok tak i det og sendte oppropet, fekk me lovnadar. Men det blei ikkje gjort noko med det. Me er veldig skuffa.

– I denne saka er det faktisk slik at innbyggarane våre tar kontakt med oss i kommunedelsutvalet når dei har spørsmål rundt desse innspela, og dei blir overraska over at me ikkje har meir med det å gjera. For kvifor skulle me ikkje det? seier Øvrebø.

Tidsperspektiv

I sitt svar på oppropet begrunner leiaren for Utval for by- og samfunnsutvikling, Frode Myrhol, saksgangen med tid.

– Saka blir ikkje utsett, ved å utsetta saka for å senda den til kommunedelsutvala før vidare behandling, er sannsynligheiten stor for at saken ikkje vil bli ferdigbehandla denne perioden. Det er ein situasjon ein for all del må unngå, skriv Myrhol i e-posten til kommunedelsleiarane.

Myrhol nemner også at det blant anna blei halde planverkstad med Finnøy og Rennesøy kommunedelsutval hausten 2020, og at dei etter dialog og spørreundersøkelse om kva innbyggarane ønsker i sine nærmiljø, var med å avgjere kva som skulle prioriteras av over 2000 inspel.

– Til trass for strenge koronarestriksjoner er det gjort mykje for å sikra medvirking og innflytelse frå kommunedelsutvala i arbeidet med arealdelen og dei tre delprosjektene, skriv UBS-leiaren.

– Når samla forslag til ny arealdel legges fram til førstegangs behandling og høyring i 2022 vil kommunedelsutvala få planen på høyring slik dei også fekk i den innledande fasen med planprogrammet. Det er ved kommende høyring anledning til å fremma eventuelle arealinnspel som ikkje er fanga opp eller prioritert i tidlegare vedtak, og be om at desse blir vurdert, skriv Myrhol vidare.

 Frode Myrhol, leiar for Utvalet for By- og samfunnsutvikling.

Vesentleg forsinka

Frode Myrhol meiner reglementet er tydeleg på korleis utvala sine roller skal vera i slike saker.

– Dersom alle delavklaringar i ein så overordna og omfattende plan som kommuneplanens arealdeler, skal leggas fram for alle kommunens utval til vedtak, vil det bli svært omfattande og vedtaka vil kunne sprike i mange retningar, skriv han vidare.

Myrhol opplyser om at kommunalutvalet er utpekt som politisk styringsgruppe for planarbeidet, med ansvar for å vurdera om innhaldet i planen er i tråd med kommunens overordna mål og klar for høyring og vidare vedtaksprosess.

– Det er avgjerande for framdrifta i planarbeidet innanfor ramma av denne kommunestyreperioden, at ein følger framgangsmåte og saksbehandling avklart i gjeldande delegeringsreglement. Planprosessen vil bli vesentleg forsinka dersom anmodinga frå kommunedelsutval om å få behandle arealinnspelsaken, og eventuelle andre saker i forkant av behandlinga i utval for by- og samfunnsutvikling og kommunalutval, vert imøtekomne. Det er heller ikkje haldepunkt i vedtatt delegeringsreglement for at eit slikt behandlingsløp er naudsynt, skriv Myrhol til slutt.

– Undergravande

– Eg les svaret til Frode Myrhol som at han undergraver utvalet vårt, eller alle kommuneutvala eigentleg. Vår behandling ville berre gitt dei eit betre utgangspunkt og spart dei for tid. Då har jo me sortert sakene som er relevante for oss på førehand, etter kva me anbefaler dei å gå vidare med, og ikkje, seier finnøyleiar Birger W. Hetland.

– For meg er det opplagt at denne saka skulle vore sendt til kommunedelsutvalet uoppfordra. Når rundt 70 prosent av innspela er forkasta før me får det, er det lite interessant å få det i det heile tatt. Eg opplever det som merkeleg at innspel frå alle utvala er så lite interessante for Myrhol.

– Veit han egentleg at berre Ombo åleine er større i areal enn heile gamle Stavanger til saman? Har han og resten av utvalet så god kunnskap om kva som er behovet i alle kommunedelane at eit råd ikkje er hensiktsmessig? seier Hetland.

– Det er trist at delegeringssystemet blir tolka så ulikt. Når me er gjort oppmerksomme på at me faktisk har myndigheten i slike saker, er det trist at dei ser på dette som ein heftelse. Me les svaret til Myrhol som at det ikkje er så viktig, og eg føler han prøver å bruka tidsperspektivet som eit argument. Det hadde ikkje tatt så lang tid viss me berre hadde fått saka inn i første omgang, seier rennesøyleiar Terje Øvrebø.

Leiarane for Hundvåg og Hinna kommunedelsutval hadde ikkje svart på førespurnaden til Hetland om å vera med på oppropet, og har difor ikkje signert på dette.

Øyposten har forsøkt å kontakte Frode Myrhol for kommentar, men har ikkje fått svar.

Publisert: