Konserten med Vassendgutane går i vasken, også i år, noko styret i Fleibrukshallen beklagar sterkt. Årsaka er pandemien.

FINNØY:

Konserten med det populære bandet skulle gått av stabelen neste laurdag, den 11. desember, men blir nå ikkje noko av.  Også i fjor blei konserten med Ørsta-bandet avlyst på grunn av pandemien.,

-Me beklagar dette veldig sterkt, men det er eit enstemmig styre som tysdag avgjorde at konserten måtte avlysast. Det skuldast den usikre smittesituasjonen når det gjeld Covid 19, og dei sterke anbefalingane frå regjeringa om å halda avstand og bruka munnbind der det er mykje folk, seier styreleiar i hallen, Arild Flesjå til Øyposten.

Arild Flesjå er styreleiar i Fleirbrukshallen.

Ifølge Flesjå har bilettsalet gått strykande, og viss ikkje konserten hadde blitt avlyst reknar han med at det ville blitt fullt hus, dvs 500-600 selde billettar.

-Men alle som har kjøpt billettar vil få pengane tilbake, viss dei ikkje vil la billettkjøpet stå til seinare. Me har nemleg ein ståande avtale med bandet om at dei skal koma til Finnøy når situasjonen forhåpentlegvis blir meir normal igjen, opplyser Flesjå.

Han opplyser også at avlysinga vil merkast godt i kassen til Fleirbrukshallen.

-Me hadde trunge pengane frå konserten, for me har høge straumrekningar å betala me også, i likhet med folk flest, seier Flesjå, som reknar med ekstra utgifter til straum for Fleirbrukshallen på 50.000-100.000 kroner i år.

-Me er avhengige av inntekter og nokon lunde stabile inntekter for å kunna driva. Nå må me krumma nakken og prøva å finna utvegar, seier Arild Flesjå.