Den danske slepebåten "Hunter" gjer klar til å slepa bort det eine av dei to supplyskipa, nemleg "Sea Safety". Den andre båten blir liggjande inntil vidare.|Slepebåten "Shjandur" var engasjert til å hjelpa til.|den andre||Ole Bru saman med barnebarnet Hermann Bru Skjæveland er glad for å kunna vinka farvel til i alle fall ein av båtane.|Jeanette og Camilla Dahlberg synes båtane øydelegg for litt av den vakre utsikten.

BRU: Dei to supplyskipa har lege ved kaien på Bru i årevis, til stor sjenase for naboar og til trussel mot miljøet.,

Men tysdag var det omsider klart for slepet av den eine av dei to, supplyskipet "Sea Saftey". Den danske slepebåten "Hundter" skal slepa båten til Danmark, for ein ny tilværelse der. Med på operasjonen var slepebåpten "Shjandur" frå Åmøy Skyssbåtservice.

Ole Bru saman med barnebarnet Hermann Bru Skjæveland er glad for å kunna vinka farvel til i alle fall ein av båtane. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Sidan "sea Saftey" låg innerst, måtte dei to båtane stokkast om slik at denne kom ytterst, klar til å bli slept avgarde.

-Det gjekk heilt smertefritt å byta om dei to båtane, ingen problemer, seier Torgeir Vareberg, eigaren av Åmøy Skyssbåtservice. Han var sjølv med på jobben.

Nokre skuelystne hadde innfunne seg på kaien, mellom dei Ole Bru, saman med barnebarnet Herman Bru Skjæveland (1,5 år) med godt tak om styret på trehjulssykkelen. Ole Bru bur like i nærleiken på Bru.

Jeanette og Camilla Dahlberg synes båtane øydelegg for litt av den vakre utsikten. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Dette er ein milepæl, eg hadde frykta at dei måtte plukka dei opp frå havbotnen til slutt, seier Bru til Øyposten.

Han er glad for at i alle fall den eine av dei to supplyskipa nå blir fjerna.

-Det vil vel ta litt lenger tid med den andre, det ser ut til å vera ei større nøtt, tippar han.

Også tvillingssøstreneJeanette og Cammila Dahlberg, som delvbis ferierer og delvis har heimekontor i ei hytte, like i sjøkanten på Bru, fekk med seg hendinga.

-Kva er det som skjer, undrar tvillingsøstrene frå Bergen.

Når dei får servert historia om dei to rustholkane, er begge enigfe i at det vil vera bra å få dei bort.

-Dei skjemmer for utsikten, synes dei.

"Sea Pilot" blir foreløpig verande ved kaien på Bru.  Foto:   FOTO: Rune Nedrebø

Tor Bernhard Harestad, som har voreein pådrivar for å få bort dei to tikkande miljøbombene, er også glad i dag.

-Nå skjer det endeleg noko. Så er det bare å håpa på at kommuen står på og bidrar til å fjerna den andre båten også, seier Harestad. Den andre båten stikk djupare, opplyser han, og dermed er faren større for at det kan enda med havari viss det bles opp og båten dunkar nedi.

-Kven skal då betala, undrar han.

Nå blir "Sea Saftey" slept til Danmark kor båten ifølge Harestad enten kjem i bruk igjen, eller hogd opp, alt etter kva stand han er i.

-Helge Bjørnestad seier det er for tidleg å heisa flagget på heil stang, me får nøya oss med halv foreløpig, humrar Harestad, som er på Lofotfisket saman med pensjonert soren skrivar og medhjelpar Helge Bjørnestad.

Slepebåten "Shjandur" var engasjert til å hjelpa til. Foto: FOTO: Rune Nedrebø