I flere år har den gamle skulen blitt brukt som eit grendahus for innbyggjarane på Austre Åmøy.|Bjørn Aunan i velforeninga på Austre Åmøy. FOTO: Terese Torgersen

AUSTRE ÅMØY:

– Me har landa på at innbyggjarane på Austre Åmøy skal få halda fram med å bruka den tidlegare skulen i fem år. I løpet av den tida blir kommunedirektøren pålagt å sjå på ei varig løysing, opplyser Rune Askeland (MDG) til Øyposten.,

Rune Askeland (MDG).

Askeland er leiar i utval for miljø- og utbygging, som skal behandla framtida for skulen i dag.

– Me vil avhenda dei to barnehagane, men vil venta med skulen. Tilstanden der er ikkje spesielt god, men me har hatt ein god dialog med grendalaget, og har landa på denne løysinga. Viss skulen skal behaldast vil det nok kosta ein del, men dette må me koma tilbake til, seier Askeland.

https://www.oyposten.no/2021/10/01/stavanger-kommune-anbefaler-at-grendahuset-rives-velforeninga-fortviler/

Foto: Bjørn Aunan i velforeninga på Austre Åmøy. FOTO: Terese Torgersen

– Me ventar med å feira til vedtaket er fatta. Me er blitt skuffa før her ute. Men viss dette blir resultatet er det heilt strålande, seier Bjørn Aunan i velforeninga på Austre Åmøy.

– Me har masse flinke folk her som står klar til å sjaina opp bygget med maling, vasking og andre utbetringar. Dugnaden har måtta venta sidan me ikkje visste om bygget ville bli tatt frå oss, men nå kan me gå i gang. Så håpar me at kommunen etter kvart vil bidra med dei tyngre løfta for å setja bygget i god stand, seier han.

https://www.oyposten.no/2021/08/04/ber-tynt-om-a-fa-behalda-bygdas-storstue/